Årets Studentparlamentsval hadde ein oppslutnad på 22,6 prosent. Foto: UiB

Valsiger til Sosialdemokratisk liste

Publisert
Studentparlamentsval:

Sosialdemokratisk liste vann valet nok ein gong og får seks plassar i Studentparlamentet.

Onsdag vart valet til Studentparlamentet 2017 ved UiB avslutta.

Sju lister stilte til val og 24 nye representantar er no valt til å sitta i parlamentet. Det skal også veljast ein representant frå kvart fakultet.

Igjen er det Sosialdemokratisk liste som trekk det lengste strået, og endar opp med seks plassar i parlamentet.

– Me er veldig glade, det har vore ein tøff valkamp, seier 1. kandidat for Sosialdemokratisk liste, Martha Rolland Jacobsen til Studvest.

Vegard Fosso Smievoll og Katja Løvik er valt til å sitta i Universitetsstyret.

Les også: Desse studentane vil inn i universitetsstyret

– Veldig god innatsats

Venstrealliansen hamnar like bak og får fem plassar. Listene International Students og DARA - Det andre relle alternativ fekk færrast stemmer og får ein plass kvar.

Med 3297 stemmer er valoppslutnaden på 22,6 prosent, melder Studentparlamentet på sine nettsider.

Leiaren av valstyret, Eirik Lie Reikerås, er fornøgd med resultatet.

– Det har vore ein veldig god innsats. Oppslutnaden speglar denne innsatsen. Me har ein betre median i år, med færre blanke stemmer enn tidlegare, seier han til Studvest.

Sjå heile valresultatet her.

Valresultat

Så mange plassar får listene i parlamentet:

  • Sosialdemokratisk liste: 6
  • Venstrealliansen: 5
  • Realistlista: 4
  • Liberal liste: 4
  • Blå liste: 2
  • DARA – Det andre reelle alternativ: 2
  • International Students: 1
Powered by Labrador CMS