Sylvi Leirvaag fryktar verken konflikter eller å verte upopulær. Det viktige er å vere ein god støttespelar for studentane, meiner ho. Foto: Ida Bergstrøm

Studentombodet er på plass

Friminutt:

Ingen studentar skal frykte å bli møtt med represalier når dei kritiserer forhold ved UiB. Det vil nytilsett studentombod Sylvi Leirvaag passe på.

Måndag 17. august hadde Sylvi Leirvaag sin første arbeidsdag i lokala i Harald Hårfagres gate 1.

– Det står allereie fleire instansar parate for å hjelpe studentane. Dei har prest, jusshjelp, fagutvalg. Treng dei også deg?
– Ja. Som studentombod er eg ein uavhengig person i systemet som kan tale studentane si sak. Dei studenttillitsvalde har sine saker, men det er mange saker som kjem i ei gråsone. Sidan eg har juristbakgrunn, kan eg vurdere rett sakshandsaming. Her seier dei studenttillitsvalte at dei ofte kjem til kort, ettersom dei ikkje kjenner det juridiske regelverket godt nok. Eg er også fast tilsett, og vil difor ikkje verte bytta ut ved val.

– I utlysningsteksten til jobben du søkte på heiter det at «Personen som vert tilsett vil vere med på å forme stillinga innanfor rammene av mandatet for stillinga.» Korleis vil du bruke dette handlingsrommet?
– Eg skal bruke det godt! Eg vil vere eit lavtersketilbod, og eg vil ta vare på rettstryggleiken til studentane. No i starten vil eg hente efaringar frå studentombodet i Oslo. Eg vil også finne samarbeidspartnarar, og knytte kontakt med til dømes Læringsmiljøutvalet (LMU), studentparlamentet og studentorganisasjonane, og sjå kva forventningar og behov som finst.

Eg vil vere eit lavtersketilbod, og eg vil ta vare på rettstryggleiken til studentane.

–  A poropos Oslo: Studentombodet i Oslo har ifølge ombodets årsrapport fortalt at studentar ikkje tør ta i mot hjelp av frykt for represalier. Er det grunn til å tru at stoda ved UiB er så mykje betre?
– Eg håpar det vil vere det. Studentane skal ikkje frykte represalier. Eg har teieplikt, og eg er ein uavhengig instans. Studentar som kjem til meg kan få vere anonyme. Og når det gjeld varsling av kritikkverdige forhold, finst det reglar som skal verne varslarar mot motåtak.

– Har du fått nokre saker allereie?
– Eg har fått orienteringssaker, som eg er klar til å ta fatt på. Frå det blei bestemt at UiB skulle få eit studentombod og fram til eg starta i jobben måndag har det kome til saker, som har blitt liggande på vent. Eg er budd på at det vil vere mykje å gjere.

– Er det nokre saker du gruar deg til?
– Grue meg? Nei. Som ombod må ein tole vanskelege situasjonar. Enkeltsaker og konfliktsaker kan vere vanskelege. Studentar kan til dømes oppleve å føle seg trakassert av medstudentar eller professorar. Når ein som ombod skal stå i eit tøff sak, må ein tole å verte upopulær. Det er eg budd på.

– Korleis arbeider du med vanskelege saker?
– Eg har erfaring som tillitsvald, dagleg leiar og verneombod. Eg er roleg, profesjonell og erfaren i å opplyse ei sak og finne den beste løysinga. Og eg står på.

– Kan tilsette invitere deg inn i vanskelege saker?
– Tilsette kan spørre studentane, om dei ønsker å ha meg med i møte om vanskelege saker. Tilsette kan også gjerne tipse om at eg finst, og at eg er ein person dei kan oppsøke for å få råd og rettleiing. Den enkelte student skal sleppe å føle seg aleine og usikker i møte med universitetet. Eg kan ikkje løyse alt som handlar om studentvelferd, men eg vil vere ein tryggleik på vegen.

Nytt studentombod:

  • Navn: Sylvi Leirvaag (41). Bur på Laksevåg. Sambuar, to døtre på fem og ti år.
  • Utdanning: Jurist, utdanna ved UiB. Har vore dagleg leiar for Signo Dokken, ei arbeidsmarknadsbedrift som tilbyr tilrettelagt arbeid for hørselshemma.
  • Aktuell med: Nytilsett som studentombod ved UiB.
Powered by Labrador CMS