Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Både gjennom plassane i universitetsstyret og gjennom tidsskriftet Røyst ynskjer Astrid Hauge Rambøl og Anders Parmann å vere nettopp tydelege røyster.
Inne på studentsenteret står eit lite bord med ein god bunke oppå. Den inneheld andre utgåva av det relativt nye tidsskriftet <<Røyst - politikk og tankeleik på venstresida>>. Alle i redaksjonen der er tilknytt UiB, men to av dei har også ein annan fellesnemnar.
Politisk engasjerte
Både Astrid Hauge Rambøl og Anders Parmann har nemleg plass ved det store bordet når Universitetsstyret har sine møter.
– Det er utruleg spanande å få vere med i det øvste organet og å få vere med på å ta dei viktige avgjerslene, seier Hauge Rambøl.
Hauge Rambøl studerer sosiologi og skal levere master før jul, medan Parmann studerer rettsvitskap. Hauge Rambøl fatta interesse for studentpolitikk etter å ha jobba i studentavisa.
– Der fekk eg anledning til å sjå det utanfrå. Problemet til studentpolitikken er at det er så stor utskifting. Det er mange som er med som ikkje kan hugse så langt tilbake. Sånn er naturen til studentpolitikken. Etter å ha følgt med i nokre år så føler eg at eg har så pass mykje historie med meg at eg kan gå inn politikken å ha noko å bidra med.
Parmann på den andre sida vart dregen inn i studentpolitikken av andre som var aktive.
– Eg stod eigentleg på tredje-fjerdeplass på lista til Radikale studenter, men plutseleg var eg på fyrsteplass, og då var det gjort.
Føler dei vert høyrde
Dei to bestemte seg for å stille saman for å kome inn i universitetsstyret og i vår vart dei valde inn og fekk med det plass rundt rektors bord.
– I Studentparlamentet så er det mykje byråkrati, i universitetsstyret så har eg faktisk moglegheita til å gjere noko. I alle fall å vere med for å pushe på litt for å gjere universitetet og studentkvardagen betre, seier Parmann.
– Kva tenkjer de om universitetsstyremøta?
– Det å kome inn som ung student saman med røynde styremedlemmar er til tider utfordrande, men mest av alt er det interessant, fortel Rambøl.
– Det har vore ei utruleg bratt læringskurve, men vi har litt andre perspektiv enn det mange av dei andre i styret har. Vi har studentperspektivet og dei har tilsett- eller <<utanfråperspektivet>>. Vi sit der i utgangspunktet i eitt år, så vi er kanskje litt meir utolmodige, supplerer Parmann.
Sjølv om dei er unge og har minst styreerfaring føler begge to at dei vert høyrde i Universitetsstyret.
– Ja, eg opplever absolutt at styret er opptatt av å høyre på oss på same måte som dei høyrer på dei andre. Det er eit godt samansett styre, seier Hauge Rambøl.
Ser ingen grunn til å fusjonere
Debatten om framtidas UiB har gått lenge i samband med den nye strategien, og dei to studentrepresentantane i universitetsstyret er klare på kva universitet dei vil ha i framtida.
– UiB må gjerne ha nokre profilområder dei satsar på og er ekstra gode på, men eg meiner ambisjonen må vere at UiB skal vere som Harvard, Oxford eller Cambridge; å vere eit utruleg godt universitet på alle fagområde. Hald på dei akademiske tradisjonane og bevar breidda, men eg innser at det kanskje ikkje let seg gjere innan 2022, seier Hauge Rambøl.
– Eg håpar UiB ikkje berre skal tilby dei faga som næringslivet ynskjer eller dei faga som studentane ynskjer, men at det skal vere det universitetet som du har lyst å gå ut av. Eg vil at UiB skal vere det universitetet som gjer at du får lyst til å gå ut å seie at du har ei utdanning frå UiB. Kjem du frå UiB med ei utdanning skal det vise at det har kravd noko av deg, at du har lært noko av det og utvikla deg. Det er eit kvalitetsstempel.
I likskap med leiinga på UiB er også dei to studentrepresentantane skeptiske til fusjonering.
– Eg er ikkje prinsipielt imot, men så lenge ein ikkje kan peike på noko konkret som blir betre synes eg det vert feil. Dersom ein berre skal slå saman for å bli større ser eg ikkje vitsen. Skal ein slå saman må det vere for å auke kvaliteten. Det er ikkje dermed sagt at det vert betre kvalitet av ei slik samanslåing, seier Parmann.
– Det har vore snakk om eit samarbeid mellom delar av Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Høgskulen i Bergen, men der kjem det frå fagmiljøa sjølve. Dei ser at fleire studentar går mellom dei ulike skulane, og det er allereie mykje fagleg samarbeid. Kjem initiativet derfrå er det noko heilt anna enn om det er fordi kunnskapsministeren har bestemt seg for å ha færre folk å forhalde seg til, seier Hauge Rambøl.
– Men bør ikkje de som representantar av dei unge og det framtidige UiB tenkje litt nytt og annleis? Alt kan vel ikkje vere slik det alltid har vore?
– Eg er student, eg er utolmodig og eg vil ha ting betre, men eg ser ikkje at samanslåing skal vere betre. Eg jobbar gjerne for forandring på mange områder og ynskjer at ting skal skje fortare, men det må vere eit mål og ei meining med det, seier Parmann.
Dei to høyrer begge til på venstresida i politikken, men trur ikkje det har så mykje å seie for jobben dei gjer i Universitetsstyret.
– Det var to frå høgresida som sat i fjor og eg trur det har mykje meir med person å gjere enn politikk, seier Hauge Rambøl og får støtte av Parmann.
– Det er nok meir personavhengig og ein sit der som student og skal tenkje på studentane sitt beste og universitetet sitt beste. Då er det ikkje alltid at den vurderinga går på tvers av verken partipoliske eller ideologiske skiljelinjer.
Politikk og tankeleik på venstresida
Ved sidan av studiar og studentpolitikk er dei to også engasjerte i tidsskriftet Røyst. Det er starta opp av stort sett UiB-studentar eller tidlegare UiB-studentar. Deira mål er å drive med politikk og tankeleik på venstresida.
– Det er viktig å få eit politisk miljø som ikkje er partipolitisk. Det er eit venstresidemiljø i Bergen der ein kan få tenkje dei store politiske tankane, fortel Hauge Rambøl.
– Er det eit slags venstresidas Minerva?
– Det kan kanskje ha litt same funksjon som Minerva ved at det skapar debatt og tek opp tema på nye måtar og kanskje tema som ikkje har vore diskutert så mykje før. Formatet til Røyst gjer også at ein kan gå ganske grundig inn i eit tema, seier Parmann.
Ein annan ting som dei to er nøgde med er at både professorar og studentar skriv i same tidsskrift. No håpar dei å nå dei som har lyst til å gå litt grundigare inn i politiske tema.
– Eg trur mange av lesarane våre kanskje er dei som er litt lei den politiske debatten som er i dag som er frå dag til dag, og som ikkje går skikkeleg i djupna.
Så langt har Røyst kome ut med eit nummer i mai og eit i førre veke.
– Akkurat no så er vi fornøgde med to nummer i året. Det er drive på dugnad og det er noko vi driv med ved sidan av studiar og anna, så vi får sjå korleis det går etter kvart.
– No veks Røyst. Vi har byrja med møter og skal ha to i november. Det er ikkje berre eit tidsskrift, men også den debatten som spinn av innhaldet, avsluttar Parmann.