Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Nær hundre av dei 400 ekstra studieplassane som kom i revidert nasjonalbudsjett hamnar i Bergen.
Venstre fekk inn 400 nye studieplassar i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett. I dag blei det klart kor plassane kjem. Og Bergen gjer det svært godt, med 95 av dei 400 plassane.
Universitetet i Bergen får 65 plassar, og Høgskolen i Bergen 30. Halvparten av plassane blir innan IKT, som UiB satsar på.
– Desse 400 nye studieplassane, kor av 65 til Bergen, var hovudprioriteringa til Venstre under budsjetthandsaminga, seier Terje Breivik, som er finanspolitisk talsmann for Venstre, og sit på Hordalandsbenken.
Satsinga har og samanheng med krisa i oljenæringa og den aukande arbeidsløysa på Vestlandet.
– Dette vil bidra akutt som eit tilbod til dei som har eller er i ferd med å miste jobben, seier Breivik, som poengterer at IKT-kompetanse er noko Noreg treng i framtida og.
UiB-rektor Dag Rune Olsen er nøgd med tildelinga:
– Dette er fantastiske nyheiter og vi er glade for at regjeringa og støttepartia er blitt einig om denne styrkingea. Ikkje minst gler vi oss over den sterke auken til IKT, der vi allereie har eit av dei leiande fagmiljøa i landet. Det lovar òg godt med tanke på etableringa av ei teknologiklynge, som ein del av den langsiktige strategiske satsinga til universitetet, seier han.
Dei resterande studieplassane er ikkje fordelt enno.