Studien av dei små tinga

Med EU-midlar og eit nybygd heliummikroskop skal professor i nanofysikk Bodil Holst og forskingsgruppa hennar sjå noko som ingen før har sett.

– Dette EU-prosjektet er resultatet av forsking eg har arbeidd med i mange år, seier Bodil Holst. Ho er professor i nanofysikk ved Institutt for fysikk og teknologi og leiar av eit nytt EU-prosjekt som startar 1. mars.

I prosjektet skal forskingsgruppa utvikle og teste ein ny måte å sjå på dei aller minste strukturane på. 

Pionerar 
– Prosjektet er å videreutvikle eit heliummikroskop. Her brukar ein helium til å sjå med i staden for lys. Tradisjonelt har ein brukt elektronar til å sjå med om ein ikkje kan bruke lys. Problemet med elektronar er at de har en elektrisk lading og ein relativt høg energi. Det gjer det problematisk når ein skal sjå på ein del objekt, som til dømes polymerstrukturer, eller populært sagt plast, seier Bodil Holst.

Bodil Holst og kollegaene hennar på UiB er pionerar på å bruke heliummikroskop i nanovitskapen. Ein har visst at helium kan nyttast til materialeundersøkelser, men det bygge eit heliummikroskop, er heilt nytt.

Nanovitenskap forlystar seg med studien av strukturar som er mindre enn mikronivå. Strukturene er i størrelsesordenen 0,1 -100 nanometer, der ein nanometer er en milliondels millimeter. Nanoteknologi er vitskapen og teknologien knytt til å manipulere partiklar på atom- og molekylnivå.

Vil verte eit gjennombrot
– No får vi også høve til å ta biletet av nanostrukturane. Vi skal vidareutvikle prototypen av eit instrument som kan ta bilete på nanoskala – vi håpar ned til 10 nm, og som også kan tolke dei. Dermed vert det mogleg å få sjå bilete av ting som aldri før har blitt vist fram. 

Prosjektet har eit budsjett på 28 millionar kroner. 6,6 millionar av desse pengane vil verte nytta på forskingsarbeidet ved UiB.  Dei andre partnarane i prosjektet vil arbeide med å utvikle eit meir effektiv type heliumdetektor og ein ny type heilumoptikk To av partnarane er «end user»-bedrifter som kan arbeide med å realisere det kommersielle potensialet til heliummikroskopet.

– Får vi dette til å verke på nanoskala, er dette eit kjempegjennombrot.

Første BFS-ar
Konstruksjon av nye bygningsmaterialer, medisiner og datateknologi er noen av områda forskarar ser for seg at nanoteknologi kan brukast til i nær framtid.

Linser til heliummikroskop er ikkje akkurat hyllevare.
– Dei skal vi bygge sjølv. Det er ein del av prosjektet, seier Bodil Holst. Vi nyttar det nye Nanostrukturlaboratoriet som vart bygd med midlar frå Forskningsrådet og ikkje minst gjennom ein stor direkte donasjon frå Trond Mohn på 12 millionar kroner. Bodil Holst har bygd før. Ho kom til Bergen i 2007 for å bygge opp nanolaboratoriet ved UiB. Dette arbeidet har lagt grunnlaget for det komande EU-prosjektet.

– Eg kom til fordi eg fekk pengar frå Bergens forskningsstifting, som også er stifta av Trond Mohn.  Hadde det ikkje vore for hadde eg ikkje vore der eg er i dag, seier ho.  

Prosjektleiar med baby i magen
Heliummikroskopet skal byggast på UiB, men Bodil Holst vil ikkje kunne vere hundre prosent til stades sjølv under heile arbeidet. Ho er gravid med sitt første barn, og har termin 1. august.

– Det vert litt av ei utfordring, men eg har svært gode medarbeidarar og støtte frå instituttet, så det skal nok gå. Brussel har også tatt det pent, sjølv om dei vart litt forvirra då eg spurte om det var nokre formelle ting som måtte ordnast i samband med eg eg ville vere i permisjon under delar av prosjektet. Dei sa at det første gong dei hadde hatt ein gravid prosjektkoordinator. Men vi har funne ei god løysing.

Med seg på laget har ho ei rekke gode forskarar frå samarbeidsinstitusjonane.

EU-prosjektet gjev eit godt høve til å handplukke dei absolutte ekspertane til å hjelpe meg med å løyse ei forskingsoppgåve. Det er meir skrivearbeid når ein er prosjektleiar, men samtidig får eg meir innflytelse, seier Bodil Holst.

– Eg er inklinert til samarbeid. Eg har leia eit EU-prosjekt før. Og eg har ikkje noko imot å dele æra med andre om vi kjem fram til gode resultat. Dei einsame geina har blitt sett på som idealet i naturvitskapen, men i realiteten er svært mange vitskapelege gjennombrot resultatet av teamarbeid, seier Bodil Holst.

 

Powered by Labrador CMS