Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Vrimlearealet i Langesgate 1-3 var fylt av fargesprakande ballongar då Utdanningsavdelinga feira opninga av den nye sentrale studierettleiingstenesta onsdag 3. desember.
No har studentane fått tilgang til ei sentral studierettleiingsteneste i direkte tilknyting til studieekspedisjonen. Meininga er dei skal ha same opningstid, og samarbeide tett med kvarandre. Men like viktig er det at den nye rettleiingstenesta skal ha nær kontakt med studierettleiarane ved fakulteta. Når det gjeld spesifikke fagspørsmål, skal studentane framleis visast til rettleiarane ved fakultetet, men ein ønskjer å unngå å sende studentar ut på ørkenvandringar i systemet. Ho vonar at den nye rettleiingstenesta skal gje dei nye studentane eit meir heilskapleg møte med fagtilboda. Det var fakultetsdirektør ved HF-fakultetet, Asbjørn Bjørnset, som klypte snora i døropninga inn til kontora til rettleiingstenesta. Han peika på at det beste ville vere å samle kompetanse frå studierettleiarane ved alle fakulteta i den sentrale tenesta.
Dagen for markeringa var grå og trist og skodda hang i laser frå Ulriken, men Utdanningsavdelinga gjorde sitt beste for å lyse opp, ved hjelp av ballongar, juletre og kaffi og kaker i glashuset ved studentekspedisjonen.
– Dette er ein stor dag for oss, det er ein draum som er gått i oppfylling. Røynsla vår er at dei første vekene er kritiske for nye studentar. Klarer vi ikkje å integrere dei nye studentane fagleg i løpet av dei første vekene, risikerer vi å miste dei. Akademisk kvalitet blir ikkje berre dømt etter kvaliteten på utdanninga, men også etter kvaliteten på støttefunksjonane, sa seniorrådgjevar ved Seksjon for studiekvalitet, Etelka Tamminen Dahl.
Har stor makt
– No når vi har så mange studentar, har vi også måtta auke omfanget på suppleringstenestene. Men dette er første gong vi kan tilby sentral studierettleiing. Dei som arbeider arbeider her, vil ha ei enorm makt til å påverke studentane, og det er viktig at dei kan mykje om systemet for å kunne gje korrekt rettleiing, heldt Dahl fram.
God kontakt med rettleiarane ved fakulteta
– Det er viktig at denne funksjonen knyt kontakt med dei tilsvarande tenestene ved fakulteta. Vi har ikkje plass til at alle kan sitte her, men det ville vore det ideelle. Kanskje kan vi etter kvart få vaktordningar der rettleiarar frå ulike fakultet har kvar sin dag her, funderte han.
Han poengterte at UiB har eit godt korps av studierettleiarar ved fakulteta og institutta, og dei har gjort ein svært god jobb med å følgje opp kvalitetsreforma.
Den sentrale rettleiingstenesta har kontor i lokala i Langesgate, og skal vere ei førstelinjeteneste som kan hjelpe med generell rettleiing, informasjon om studieprogramma og med å finne fram i systemet.