Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
70 år med Studvest blei feira i helga av meir enn hundre tidlegare medarbeidarar. Studentavisa kan truleg sjå fram mot ei meir digital framtid.
Adrian Broch Jensen har vore ansvarleg redaktør i jubileumsåret, og har hatt ansvar for feiringa av den mest ungdommelege 70-åringen i byen. Over nyttår skal Jensen tilbake til sosialantropologi-studiet.
– Vi hadde fest gjennom heile dagen i universitetsaulaen på laurdag, fortel Jensen.
Framtida til journalistikken
Då blei det mimring og høgdepunkt frå det indre og ytre livet til Studvest, og debatt om framtida til journalistikken. Gamal-studvestar og Nettavisen-redaktør Gunnar Stavrum var ein av innleiarane. Og det heile blei sjølvsagt avslutta med ein stor, skikkeleg fest.
På same tid er den meir enn hundre år gamle studentavisa i Trondheim, Under Dusken, truga med konkurs, dersom dei ikkje vil gå over til utelukkande nettutgåve, slik NTNU krev. Og generelt i medieverda går utviklinga berre i ei retning: Meir digitalt, men mindre budsjett.
– Det er noko av den same trenden vi ser hos oss òg. Vi har eit ønskje om å komme oss meir over på nett, og dette er noko vi skal følgje litt med på, seier Jensen.
Alltid aktuell
– Men utfordringa er at ein ikkje får med seg annonsørane over på nett. Då konkurrerer nettavisene med Google, Facebook og andre, som er flinkare til å skreddersy målgrupper for annonsane. Så tviheld ein på papiraviser, heilt til dei ikkje er lønsame lenger.
Studvest vil følgje med på utviklinga, og Jensen trur det kan bli mindre papiravis generelt framover.
– Men eg trur Studvest vil vere aktuell i framtida òg.