Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Eks-rektor Ole Didrik Lærum håpar UiB sin øvste leiar også i framtida skal vere valt av tilsette og studentar.
– Mine erfaringar tilseier at når du du er valt av, og dermed heftar for dine beste fagfolk, får du ein annan dialog. Når det røyner på, er dette noko som merkast, seier Ole Didrik Lærum.
Ole Didrik Lærum var prorektor ved UiB i perioden 1984-1989 og rektor ved UiB i perioden 1990–95. Dette var ei krevjande tid for UiB, med ei stor auke i studenttalet, tronge undervisningslokale og eit hardt pressa kollegium, fortel han til På Høyden.
– Det er naturleg at myndigheitene vil ha noko å kontroll på utdanningsinstitusjonane. Tek ein for mykje kontroll, kvelast institusjonen. Difor bruker ein i staden pengar og konkurranse som styringsmiddel. Dette har nokre gode sider, men det har også nokre negative sider. Blir konkurransen for hard, vil nokon lettare velje snarvegar, seier Ole Didrik Lærum.
– Kan ein halde på ideen om meir demokrati og mindre kortsiktig konkurranse, har vi ei betre framtid. Då kan vi også gje meir tilbake til eigarane våre.
Demokrati må brukast
I dag er kreftforskaren professor ved UiB, samt professor ved Københavns Universitet. I si tid ved UiB opplevde han at det var lite interesse i forkant av val av instituttleiarar og dekanar.
– Det var som om folk var passiviserte. Det var svært lite interesse for å delta i prosessane kring valet. Vi kan trygt sjå ei auka interesse for å stille til val, delta i debattar og diskusjonar. Skal vi ha demokrati, må vi også bruke det.
Trass i laber deltaking, ønskjer Ole Didrik Lærum at UiB skal halde på styringsmodellen med valt rektor.
– Saman med Oslo er Bergen ein bastion. Vi er dei siste som held fana høgt, og eg håper vi kan halde fram med å utvikle demokratiet ved universitetet vidare.
Debattmøte med brei semje
Ole Didrik Lærum tok onsdag del på møtet i Forum for vitskap og demokrati. Tema for dagen var «Demokratiet på universitetet – ei tapt sak?»
Stipendiat Katharina Sass innleia om rapporten som Norsk Tenestemannslag (NTL) har gitt ut om universitetsdemokrati, og samspelet mellom universitet og samfunn.
Dei øvrige som tok ordet på møtet presenterte variasjonar over same tema: UiB sin øvste leiar bør også i framtida ha kome til makta via eit demokratisk val, og ikkje gjennom ein tilsettingsprosess. At ingen møtte opp for å ta del i diskusjonen, meinte universitetsstyrerepresentant Thea Sofie J. Grastveit var beklageleg.
– Eg er lei meg for at debatten er så einsidig, sa ho.
Då På Høyden skreiv om kva dei enkelte styrerepresentantane ville kome til å stemme, plasserte Thea Sofie J. Grastveit seg på val-sida.
– Eg trur forøvrig de overvurderer ein valt leiar sitt høve til kontroll, og undervurder ein tilsett rektor sitt høve til å forstå universitet sin eigenart og form, sa universitetsstyrerepresentant Thea Sofie J. Grastveit.
Omstendeleg, tungt og tidkrevjande
Prorektor Anne Lise Fimreite understreka at det sittande rektoratet har gått til val på at UiB skal ha valt, ikkje tilsett rektor. Dag Rune Olsen sitt mandat er såleis bunde når universitetsstyret skal diskutere saka i møtet torsdag.
Anne Lise Fimreite minna om at demokrati er ei arbeidskrevjande styringsform som best fungerer dersom alle involverer seg og tek del. Ein må stille til val, ein må ta del i diskusjonar, og ein må stemme.
– Det forpliktar å ha demokrati, og ein må rett og slett ta systemet på alvor.