Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Forskarlinja på Mof er ei suksesshistorie når det gjeld rekruttering. 72 prosent av studentane endar opp i doktorgradsprogrammet.
På Det medisinsk-odontologiske fakultetet har dei i ti år hatt ei eiga forskarlinje, der vanlege medisin- og tannlegestudentar søkjer opptak i det andre studieåret. I det tredje året forskar dei på fulltid, og i tillegg til studia resten av tida. Dermed blir utdanninga eitt år lengre enn for medstudentane, men til gjengjeld får dei ekstra stipend frå Forskingsrådet, kortare spesialisering i medisin, og dei er allereie ferdige med forskaropplæringa dersom dei tek doktorgrad.
Færre medisinarar tok doktorgrad
– Eit av måla med linja er å få fleire medisinarar inn i forskinga, fortel førstekonsulent Marianne Heldal Stien, som følgjer opp dei kring 75 studentane som går på linja.
– Frå starten av var hovudmålet å auke forskingsaktiviteten blant klinikarar, og få fleire og yngre medisinarar inn i forskinga, fortel Stien.
Det var då ein tendens i medisinsk forsking at det blei færre og færre medisinarar blant dei som tok doktorgrad, men fleire frå andre fagmiljø. Alderen på dei som tok doktorgrad var òg ofte høg, då arbeidet ofte blei gjort eit stykke ut i yrkeslivet, på sida av arbeidet.
Forskarlinja finst òg i Oslo, Trondheim og Tromsø, men Bergen har den høgste prosenten studentar som er eller har vore doktorgradsstipendiatar, med 72 prosent, mot 34 prosent i Oslo og kring 60 i Trondheim og Tromsø. Berre i Bergen har odontologistudentane sidan 2010 vore ein del av forskarlinja.
Både Eivind A. Valestrand og Ingeborg Eskerud trur det kan bli aktuelt for dei å ta doktorgrad når dei er ferdige på forskarlinja. Marianne Stien (bak til v.) og Marit Grønning (bak til h.) kan nøgde konstatere at linja er svært vellukka når det gjeld å rekruttere stipendiatar. Foto: Dag Hellesund
God kvalitet
Det blir mykje god forsking ut av tilbodet òg.
– Målet er at alle skal få publisert éin vitskapleg artikkel, og arbeidet skal uansett ha ein kvalitet som gjer at det kan sendast inn til gode tidsskrift, fortel professor Marit Grønning, som har det faglege ansvaret for utdanninga.
– Ein del av kunsten er å sende artiklane inn til eit respektert tidsskrift som gir gode tilbakemeldingar, seier ho.
Får gjort meir
Ingeborg Eskerud (24) er ein av studentane som har kasta seg over forskinga. Før sommaren var ho på ein konferanse i Milano og presenterte eit samandrag av arbeidet sitt om kvinner og non-obstruktiv koronarsjukdom.
Ultralydundersøking er ein del av forskingsprosjektet til Ingeborg Eskerud (24). Foto: Dag Hellesund
– Du får brukt kompetansen din lenger i arbeidslivet. Og eg har veldig lyst til å ta ein doktorgrad. Og eg synest eg får gjort veldig mykje på forskarlinja, fortel Eskerud.
Studentane kjem seg og tidlegare ut blant verkelege pasientar og ferdigutdanna legar og forskarar, og må lese seg kraftig opp på feltet dei skal jobbe med. Slik får dei praktisert faget tidleg, og får dessutan verdifulle kontaktar inn i arbeidslivet.
Kartlegg hjernesignal ved irritabel tarm
– Du får lært deg grundig opp på den delen av faget du jobbar med, og får god hjelp av rettleiarar og andre, seier Eivind A. Valestrand (23).
Eivind A. Valestrand er husvarm i kontrollrommet til ei MR-maskin, mens medstudentane studerer meir generell medisin. Foto: Dag Hellesund
Han undersøker funksjonelle tarmlidingar slik som irritabel tarm (IBS) og funksjonell dyspepsi (FD), som råkar opp til ein av fire vaksne.
– Vi undersøkjer hjernen i samband med måltid, og ser på korleis hjernen prosesserer signal frå mage-tarm-kanalen, fortel Valestrand.
Hjernen blir ikkje undersøkt fordi dei trur det er noko psykologisk som ligg til grunn for sjukdommane, men for å finne ut korleis tolkinga av signala sentralt i hjernen kan avvike, og kva delar av hjernen som er aktive når eit menneske et «normal» mat.
Under forsøket får pasientane drikke kjøttbuljong, mens hjernen blir skanna både før og etterpå.
Lange kveldar med hjartebarnet
– Eg har òg lyst til å ta doktorgrad, men på denne linja sit vi uansett igjen med mykje kompetanse. Ein lege eg kjenner anbefalte tilbodet, fortel Valestrand.
– Det har blitt mange, lange kveldar, men det er heilt greitt. Eit slikt prosjekt blir eit hjartebarn, og forskarlinja fyllar ut medisinstudiet veldig godt. Vi er heller ikkje berre nerdar, og det er veldig sosialt å gå på forskarlinja, gjennom vår eigen studentorganisasjon, Eureka.
Overlegar må ha doktorgrad
Målet er at ti prosent av medisinstudentane skal gå på forskarlinja. I Bergen er det og plass til to tannlegestudentar, i tillegg til 15 frå medisin. Hittil har alle som har søkt fått plass, men Stien er spent på korleis det vil bli i framtida.
– Så langt har det ikkje vore kamp om plassane. Men vi er spente på korleis det blir med den nye turnusordninga, fortel Stien.
Turnusordninga for legar er omorganisert, slik at alle må søkje på dei arbeidsplassane dei ønskjer seg til. Det kan gjere det meir interessant for studentane å skilje seg ut på elles ganske like CV-ar.
– Vi har merka ei auka interesse på rekrutteringsmøta våre. Og no ser det ut til å bli stadig vanskelegare å få ei overlegestilling om ein ikkje har doktorgrad, fortel Stien.