Princeton-professor Susan Fiske er rekna for å vere sosialpsykologiens grand lady. Onsdag kjem ho til Studentsenteret for å halde forelsninga “Humans are intent detectors”. Foto: Ida Bergstrøm

Susan Fiske til Egget

– Psykologi er eit felt folk trur dei forstår. Difor føler dei seg privilegerte til å kritisere det fritt, seier Susan Fiske. Ho er ein av verdas mest kjende sosialpsykologar. Onsdag vil ho halde ei forelesning i Egget.

– Eg har opplevd det mange gonger når eg snakkar om teoriar om kvifor vi menneske gjer som vi gjer: Ein student rekkjer opp handa og seier «Men onkelen min gjer ikkje sånn». Vel – anekdotar er viktige, men dei er ikkje data, seier Susan Fiske.

Vil forstå menneska
Susan Fiske er sosialpsykolog og professor ved Princeton. Ho er rekna for å vere ein pioner innan feltet, og har forska mykje på stereotypiar og fordommar. Onsdag skal ho halde Bjørn Christiansens minneforelesning i Egget.

– Far min var også sosialpsykolog, så på ein måte tek eg over familieverksemda. Men eg har alltid vore interessert i andre menneske, særlig i kva som får dei til å reagere, seier Susan Fiske.

Ho legg til:

–  Poesi og kunst handlar også om å forstå menneska på eit djupare nivå, men gjennom sosialpsykologien er denne forståinga evidensbasert og vitskapleg.

– Aporopos vitskap. Sosialpsykologien har blitt kritisert for å vere ein lite eksakt vitskap?
–  At teoriane kan vere vanskelege å etterprøve er ikkje noko unikt for sosialpsykologien. Dette gjeld også for mellom anna statsvitskap. Eg trur at dersom funna dine er interessante, vil andre forskarar leike med dei, og forsøke å replisere dei.  Lar det seg ikkje gjere, vil andre forskarar over tid slutte å sitere forskinga. Det er ein naturleg framdrift i vitskap. Vi byggjer på det som er gjenprøvbart.

Har lytta til den vetle stemma
Gjennom forskinga si har ho gjeve eit stort bidrag til litteraturen om menneskeleg samhandling, sexisme, kognitive stereotypiar og emosjonelle fordommar.

– Kva har vore retningsgjevande for arbeidet ditt?
– Eg har arbeidd med felt som eg har funne interessante, og der eg har følt at eg har noko unikt å by på. Nokre gonger har eg opplevd at det har vore eit hol i faglitteraturen, eller opplevd at perspektivet til ei gitt gruppe har mangla. Heile tida har eg lytta til den vetle stemma i hovudet, som seier at dette kan vere vegen å gå.

Powered by Labrador CMS