Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Bryr han seg om HF? Vil han selge akademia si sjel til næringslivet? Og kan UiB ha ein rektor som ikkje bur i Bergen? På Høyden inviterte Dag Rune Olsen over på grillpølser og ubehagelege spørsmål.
Bakgårdsgrilling ein kald aprildag for rektorkandidat Dag Rune Olsen og journalist Ida W. Bergstrøm. Foto: Dag Hellesund
I går fekk Kuvvet Atakan spørsmåla vi har brent inne med under heile valkampen. Men grillfesten er ikkje over. Eingongsgrillen er framleis varm, og det er pølser igjen. Vi inviterte rektorkandidat Dag Rune Olsen.
– Den mykje omtala saka på Samanliknande politikk viser at det er uheldig at fagmiljøet ikkje har noko dei skulle sagt i tilsetjingssaker. Fagmiljøet vart her ikkje konsultert – og splitta. Bør tilsetjingar forankrast betre i instituttråda, til dømes ved at utlysingstekstar vert tekne opp her?
–Ved universiteta vil det alltid vere sterke meiningar knytt til tilsetjing i faglege stillingar, og usemje i eit fagmiljø kan difor oppstå uansett grad av involvering. Instituttrådet har ei klar rolle i utforming av fagleg retning for instituttet, noko som er fastsett i UiB sitt reglement. Rekrutteringsstrategi bør naturleg inngå som del av strategiarbeidet, der instituttrådet gir instituttleiar råd om innretning på nye eller ledige stillingar. UiBs reglement legg ikkje per i dag opp til at utlysningstekstar skal handsamast i instituttråda. Det er derimot ikkje noko eg kan sjå som hindrar slik handsaming. Endringar i reglementet for instituttorgana kan verte aktuelt, men då må dette sjåast i ein større samanheng.
– Korleis kjem forholdet mellom rektor og direktør til å vere med deg i rektorstolen?
– I retningslinjene til Universitet i Bergen har universitetsdirektøren ei klart definert rolle. Den vil eg sjølvsagt respektere dersom eg blir valt til rektor. Eg ser det og som sjølvsagt at direktør og rektor arbeider tett saman til dagleg. Men ettersom universitetet skal ha ei fagleg leiing, inneber det at rektor i tillegg til å vere leiar av universitetsstyret, også er ein arbeidande styreleiar. Her står eg på same linje som rektor Grønmo.
– De seier begge at de ønsker meir openheit. Men sakspapir til møter er ofte vanskeleg tilgjengeleg, og postlistene til universitetet er fem veker på etterskot. Det tek lang tid å få innsyn i dokument, og det kan sjå ut som det er opp til den enkelte å sladde. Kva konkrete tiltak vil du sette i verk for å faktisk oppnå meir openheit?
– ”Sladding” skal ikkje vere vilkårlig. Eg føreset at reglane som gjeld for openheit i offentleg sektor blir følgde. Det er viktig for universitetsdemokratiet at råd og utval får sakspapira i god tid før møter, slik at dei har eit reelt høve til å sette seg inn i sakene som skal handsamast. Saksframlegg må vere gjennomarbeidde og opplyse sakene så godt som råd er. Vi skal vere i stand til å etterleve det lova pålegg oss på dette området. Er vi ikkje det, må vi gjere noko med det.
– Rektor har stor makt. Kva vil du konkret gjere for at ulike stemmer kjem til orde?
– Eg er klar over at rektoratet har mykje makt. Difor ynskjer eg ein open og inkluderande leiarstil basert på dialog. Skal vi fatte dei beste vedtaka må vi hente inn eit så godt grunnlag for desse som mogleg. Ein kan til dømes legge ut saksførelegg på nettet, slik at tilsette får komme med innspel i forkant av møter og vedtak. Eg skal lytte til kva den einskilde tilsette eller student seier, men vil ikkje opne for at alle skal kunne komme på mitt kontor, for så å gjere vedtak etter det som blir sagt der. Alle vedtak skal vere godt forankra gjennom dei formelle og demokratiske prosessane.
– Kva er dine konkrete tiltak for å få ned talet på mellombelse stillingar?
– Ikkje alle mellombelse tilsetjingar er uønskt, som til dømes rekrutteringsstillingar som vi ynskjer mange fleire av. Problemet gjeld mellombels tilsetjing i langvarige periodar som forskar og universitetslektor, overdriven bruk av vikarar, eller langvarig mellombels tilsetjing i tekniske og administrative stillingar. Eg ynskjer i større grad å kunne tilby fast tilsetting der vi har langsiktig finansiering og der arbeidstakar vil opparbeide seg styrka stillingsvern. Her er vi heilt på linje med Forskarforbundet! Uni Research har større høve til forskartilsetjing enn UiB har, og vi vil sikre eit nært samarbeid med Uni Research, slik at flest mogeleg unge forskarar kan få arbeid i randsona, og på sikt kvalifisere seg for faste stillingar ved UiB.
– Kva meiner du at konflikta mellom Grønmo-Rommetveit har ført til så langt? Korleis kan systemet tillate at ei slik konflikt får prega organisasjonen?
– Vi kan ikkje tillate at konfliktar mellom toppleiarar får prege ein heil organisasjon. Eg har vore klar på at desse konfliktane ikkje skal prege valkampen eller ha konsekvensar for korleis universitetet utviklar seg i åra framover. Med dette valet er det avgjerande at vi legg desse konfliktane bak oss.
– UiB verkar å tidvis ha høgt konfliktnivå. På Høyden kjenner til konkrete saker der to kollegaer ikkje har vore på talefot på fleire år. Ein av dei tidlegare leiarane ved eit institutt knytt til UiB har ein temmeleg berykta leiarstil. Kva er det med UiB som ikkje grip fatt i slike forhold som djupast sett handlar om arbeidsmiljø?
– Saklig meiningsskilnad er produktivt for universitetet. Personkonfliktar som går ut over arbeidsmiljøet er noko leiinga må og skal ta tak i. Å løyse konfliktar er ei av dei viktigaste oppgåvene ein leiar har.
– Kva når leiarane sjølv er involverte i konflikta?
– I slike situasjonar har den øvste leiaren eit særskilt ansvar. Det finst alltid leiarar på nivået over som må ta tak i konflikten dersom denne ikkje kan handterast lokalt.
– Både du og Atakan seier de vil ha meir tverrfaglegheit ved UiB. Kva vil du gjere for dei tverrfaglege sentra?
– Eg trur dei fleste ser at meir tverrfagleg forsking og utdanning vil vere positivt for UiB. Men det er mange barrierar for tverrfagleg samarbeid i dag, spesielt på tvers av fakulteta. Eg vil arbeide for å bygge ned disinsentiva, og leggje til rette for samarbeid på tvers av einingar og disiplinar.
– Faget ditt er medisinsk fysikk, du har vore dekan på mat.nat, og har den siste tida ivra for ei marin satsing. Er det grunn til å frykte at dei andre fakulteta vi få ei stemoderleg behandling med deg som rektor?
– Bergen er alt eit internasjonalt tyngdepunkt innan marin forsking og kunnskapsutvikling. Eg har gjort meg til talsmann for ein marin forskingspark på Marineholmen der alle dei marine forskingsmiljøa kan samlast, slik at dette kan synleggjerast betre og for å oppnå faglege synergiar. Men eg har ikkje tenkt å bruke meir av grunnbudsjettet til ei marin satsing på mat.nat. Denne forskinga får godt med ressursar utanfrå, og må halde fram med det. Derimot kan det vere ynskjeleg å bruke ressursar for å inkludere fleire fagmiljø ved universitetet i ei tverrfagleg marin satsing.
Som rektor ser eg det som mi plikt å ivareta interessene til heile universitetssamfunnet. Eg ynskjer å følgje opp dei nasjonale fagstrategiane for alle dei ulike faga ved UiB. Å sette breidde og tematisk satsing opp mot einannan er etter mitt syn meiningslaust, og fagleg spissing er heller ikkje mogeleg utan ei solid breidde.
– Kan UiB ha ein rektor som ikkje bur i Bergen?
Eg bur i Bergen frå måndag til fredag, og vel så det i dag. Vi ser no etter ei ny leiligheit i Bergen, og reknar med å flytte hit permanent. Må ein vere bergensar for å vere rektor ved UiB, er både Kuvvet og eg dårlege kandidatar!
– Hadde du planar om å bli rektor ved UiB alt då du vart tilsett som dekan?
– Nei, dette var ikkje noko eg hadde tenkt på eller hadde planar om.
– Du jobba samstundes som Jon Sudbø på Radiumhospitalet. Kva var forholdet mellom dykk?
– Eg arbeidde ikkje tett med han, og han var ikkje i den avdelinga eg var leiar for. Men i leiargruppa eg sat i måtte vi arbeide med denne saka. Eg har i ettertid interessert meg for kva det er i ein forskingskultur som kan leie til forskingsjuks. I mange miljø er det ein særs konkurranseprega kultur. Det kan til ei viss grad vere positivt for den faglege utviklinga, men kan verte dysfunksjonelt om desse kreftene blir for sterke. Det er eit leiaransvar å bygge ein robust forskingskultur som hindrar juks.
– Du siterer stadig vekk ei Harvard-bok. Meiner du verkeleg at ein har så mykje å læra av det amerikanske universitetssystemet?
– Ein har noko å lære av alle universitetssystem, også det amerikanske. Men USA har ein annan samfunnsstruktur enn vår, og på langt nært alt i det amerikanske universitetssystemet har overføringsverdi eller relevans for oss. Eg vil ikkje bruke ei oppskrift på korleis skape eit godt universitet, dersom denne oppskrifta går på tvers av samfunnsoppdraget vårt. Eit einsidig fokus på forskingskvalitet er ikkje aktuelt. Det er likevel ikkje til å komme i frå at fleirtalet av dei mest attraktive universiteta i verda ligg i USA, og eg meiner det er trongsynt å tru at ein ikkje kan lære noko av denne kulturen.
– Du seier at du set deg mål og er entusiastisk – vert det litt for mykje? Er det plass til andre i kraftfeltet ditt?
– Ordet kraftfelt vert litt for voldsomt for meg, seier Olsen og ler.
– Men for å vere alvorleg: Det er alltid vanskelig å vite korleis ein sjølv vert oppfatta. Difor er det lurt å vere lydhør. Ved eit universitet har ein sterke personar med sterke meiningar, som dei er fullt ut kapable til å uttrykke. Så i dette kraftfeltet vil eg ikkje stå aleine.
– Sel du UiB si sjel til næringslivet?
– Nei absolutt ikkje! Når vi skal samarbeide med næringslivet, er det viktig for oss å kommunisere to ting: Vi driv fri og uavhengig forsking, elles er det ikkje aktuelt med samarbeid. Er ikkje forskinga langsiktig, er den heller ikkje veldig interessant for UiB. Kunnskap er eit fundament for demokrati, kultur, danning og kritisk tenking. Kunnskap er aldri unyttig, men vi skal være sterkt medvetne om vår eiga rolle i kunnskapsutviklinga.