Om 18 dagar blir Bergen snudd på hovudet då syklistar frå heila verda inntek gatene. Det gjer óg at transport til og frå jobb kan bli litt meir utfordrande.

Slik påverkar sykkel-VM UiB

Publisert

UiB opnar for heimekontor i perioden, men berre på nokre fakultet. 

16.-24. september går Sykkel-VM av stabelen i Bergen. Løypene vil vera stengt for biltrafikk mellom 0830 - 1900 og sentrum vil vera delvis stengt for biltrafikk heile døgnet. 

Ei generell oppmoding frå UiB er å nytta kollektivtransport, gå eller sykla til og frå jobb. 

UiB sentralt har gått ut og sagt at det vil vera moglegheit for heimekontor i perioden – men generelt er fakulteta litt meir restriktive med bruken.

Les også: Tråkker i gang el-sykkelprosjekt

– Ikkje alternativ med heimekontor

På Medisinsk fakultet har leiinga sendt ut eit brev til sine tilsette kor dei skriv at heimekontor ikkje er eit alternativ. 

– Grovt sett går det på at me har veldig mange stillingsgrupper som ikkje har moglegheit for heimekontor, og då vil me ikkje opna opp for det for nokon. Me legg oss på ei linje kor det er likt for alle. Me har klinikkverksemd med opningstider og mange studentar med obligatorisk undervising, seier assisterande fakultetsdirektør Ørjan Hauge (bildet).

Han legg til at det er mogleg å bruka fleksitid som vanleg for å koma seinare/tidlegare på jobb grunna transportvanskar.

– Me er fleksible i forhold til når folk startar på jobb. Men for å parkera diskusjonen om heimekontor sendte me ut brevet, seier Hauge.

Haukelandsveien blir stengt mellom 0830 og 1900, men det vil vera mogleg å køyra til Haukeland opp Hunstadsvingen frå Ibsens gate, forbi Kvinneklinikken (Jonas Lies vei) og så inn til Sentralblokka.

Det blir sett opp ekstra bussar frå sentrum til Haukeland i perioden. 

Odontologen og Institutt for global helse og samfunnsmedisin får avgrensa tilkomst.

– Odontologen sin universitetsklinikk tar ikkje i mot pasientar den veka, fordi det er vanskeleg å koma seg til og frå. Men studentar og tilsette vil vera i klinikken likevel, seier Hauge.

Fleksible

Festplassen/Christies gate og Kaigaten er stengt for all trafikk døgnet rundt 14.-25. september. Bussar som vanlegvis stoppar på Festplassen, brukar Bergen busstasjon som haldeplass.

SV-fakultetet legg dei opp til vanlege arbeidskvardagar kor undervisinga går som normalt. Hovudregelen er at folk skal vera på jobb.

– Dersom det likevel viser seg at nokon har spesielle utfordringar knytt til å koma seg til eller frå jobb, kan ein ta dette direkte opp med næraste leiar for å diskutera moglege løysingar, seier fakultetsdirektør Alette Mykkeltvedt. 

HF skal dei ha eit møte tysdag kor dei skal drøfta dette nærare, men fakultetsdirektør Kim Hommen seier at ein i utgangspunktet vil vera restriktiv med bruk av heimekontor. 

UiB oppmodar til ikkje å planlegga seminar, foredrag, konferansar eller andre større arrangement i perioden.

Dette på grunn av problem med transport inn og ut av sentrum og avgrensa moglegheit for overnatting.

Les også: Forskar fram oppskrift på klimavenlege byar

– Ei veke med logistikkutfordringar

På Fakultet for kunst- musikk og design legg dei også opp til bruk av fleksitid.

– Me er innstilte på at det vil vera ei veke med logistikkutfordringar for studentar og tilsette. Det er den enkelte leiar som må ta stilling til bruk av heimekontor i den grad det lar seg kombinera, seier fakultetsdirektør Synnøve Myhre, og legg til:

– Me veit at Griegakademiet med sin lokasjon har sagt at i den grad undervising kan utsettast til etter sykkel-VM, må det gjerast faglege vurderingar på det - og om det er ei moglegheit for å få flytta undervisning i forhold til timeplanen.

Gjer avtale med lokal leiar

Fakultetsdirektør på Mat-Nat.,Elisabeth Lysebo, forventar ikkje at avviklinga av meisterskapen skal skapa store utfordringar for dei. 

– Me skal vera fleksible, men det skal vera spesielle grunner til at ein landar på heimekontorløysing for dei tilsette. Ein skal leita etter andre moglegheiter først. Folk må gjera avtale med lokal leiar, men forsøk og aktivitet på laboratoria kan ikkje berre stoppa opp til dømes, seier Lysebo

På Juridisk fakultet har dei ikkje tatt nokon spesiell stilling til utfordringar med logistikken under meisterskapet  – og undervisinga skal gå som normalt. Det same gjeld for Psykologisk fakultet, men dei vil redusera talet på pasientavtalar i perioden.   

Powered by Labrador CMS