Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ekstra dyrt er det å fjerne spraymaling frå Studentsenteret. Det kan verken vaskast eller malast. – Dette pengar rett ut vindauget, seier bygningssjef Jan-Terje Nygaard.
På same måte som Det Humanistiske fakultet og Bibliotek for humaniora, har Studentsenteret ei overflate som ikkje kan malast. (Foto: Eigendomsavdelinga)
Dei lyse, store flatene på Studentsenteret er eit attraktivt lerret for taggarar som vil skrible signaturen sin med spraymaling eller tusj. Fleire gonger i veka er bygget utsett for denne typen hærverk.
Der andre bygg har ei overflate som kan malast over eller høgtrykkspylast, tåler ikkje Studentsenteret dette. I staden må veggane slipast.
– Fasaden er kledd med ein spesiell sandstein frå Italia. Den har opne porar. Dermed trekk malinga inn sandsteinen, og den blir vanskeleg å fjerne, seier Øistein Fotland, overingeniør ved Eiendomsavdelingen.
– Vi kan slipe platene fleire gonger. Men det er arbeidskrevjande. Det støvar, støyar og kostar mykje pengar, seier Øistein Fotland.
Eit par stader har det vore slipt så mange gonger at heile plata er klar for utskifting.
Impregnering verkar ikkje
Sandsteinplatene på Studentsenteret var opprinneleg impregnerte, slik at fargestoff ikkje så lett skulle sette varige merker. Effekten av impregneringa har vore liten.
– Vi har inga god forklaring på kvifor det ikkje verkar. Vi ser at sprayen og malinga trekk inn i steinen. Kor langt den hadde trengt inn utan impregneringa, blir vanskelig å gjette på, seier Nygaard.
Øistein Fotland og kollegaene har prøvd ut ulike typar ny impregnering som skal gjere at malinga ikkje trekk så langt inn i steinplatene. Dei har enno ikkje funne noko som fungerer tilfredsstillande.
– Pengar ut vindauget
Så langt i år har Eigendomsavdelinga betalt ut 580 000 kroner til firma som fjernar tagging frå UiB sine bygningar. Legg ein til arbeidet som UiB sjølv legg ned for å fjerne spraymaling og tusj frå veggar og fasadar, kjem beløpet på to millionar kroner årleg.
– Sett frå vårt ståstad er dette pengar rett ut vindauget, seier Jan-Terje Nygaard.
– Kvar vert det tagga mest?
– Tagginga er jamt fordelt over heile Nygårdshøyden. Men Studentsenteret har store, lyse flater i tilgjengeleg høgde, og er såleis utsett, seier eigendomsdirektør Even Berge.
Har nulltoleranse som mål
Jan-Terje Nygaard fortel at Driftsavdelinga forsøker å fjerne tagging så fort dei vert oppdaga. Han ber studentar og tilsette melde frå i Lydia når dei oppdagar nye tilfelle av hærverk som tusjing, tagging og maling.
– Vi forsøker å fjerne skribling så fort som vi klarer. Får den stå, kjem det gjerne fleire, seier Jan-Terje Nygaard.
Tanken er at terskelen er høgare for å tagge på eit heilt reint bygg, enn på eit område der forsøplinga har fått breie om seg.
– Ein fin graffiti kan faktisk vere noko, men det som vi ser her er ikkje særleg dekorativt. Klarer ein å halde igjen tagginga ved å male over, kan det verke dempande, seier Even Berge.
Låg oppklaringsprosent
Tagginga skjer stort sett på natta. Svært sjeldan vert nokon tekne på fersken.
– Kvarteret har vore utsett. Det same har studentsenteret vore. Vi hadde eit gatekunstmaleri i Herman Foss gate 6. Det har også blitt tagga på. Og garasjeportane i Villavegen 10 har også fått seg ei runde, seier Nygaard.
Jan-Terje Nygaard fortel at UiB politimelder mykje av hærverket. Og oppklaringsprosenten er låg.
– At kriminalitet, innbrot og hærverk skal forsvinne heilt, har vi inga tru på. Men det kostar å være eit universitet i sentrum og å halde til så nær Nygårdsparken, seier Jan-Terje Nygaard.
– Men vi fotograferer all tagging, slik at det kan brukast som biletbevis dersom nokon skulle verte arresterte, seier Even Berge.
Arbeidet med å slipe veggane tek eit eksternt firma seg av. Når platene er slipte ned, må dei skiftast. Kva dette vil koste,er usikkert. (Foto: Eigendomsavdelinga)