Takkar av etter 11 år

Publisert

Fredag denne veka har Asbjørn Bjørnset sin siste arbeidsdag som fakultetsdirektør på HF-fakultetet. Etter 11 år i direktørstolen ser han fram til å bli rådgjevar ved Utdanningsavdelinga.

– Eg leverer frå meg eit fakultet der det er mykje å gjere, svarer han kontant på spørsmål om kva etterfølgjaren hans, Audun Rivedal, kjem til å overta måndag 18. oktober.

– Det er stadige utfordringar, både på utdannings- og forskingssida. Ein blir jo aldri ferdig med ein jobb som dette.

No står ein vurdering av instituttorganiseringa ved fakultetet for døra. Det er meir enn ti år sidan sist.

– Det er naturleg å gjere ei slik vurdering no. Det blir stilt større krav til fagleg leiing, som kan gjere det naudsynt å leggje meir i instituttleiarfunksjonen. Eg vil tru at det blir endringar i instituttstrukturen også ved HF, seier han.

Vil sjå nærare på studentdata

Når Bjørnset har levert frå seg nøklane til kontoret på fakultetsadministrasjonen, går han over i ein ny funksjon som seniorrådgjevar ved Utdanningsavdelinga. Der skal han først og fremst arbeide med å analysere studentdata.

– Det er svært interessant å prøve å finne tydelegare mønster i korleis studiegjennomføringa eigentleg er. Vi har sjølvsagt vore litt borti det heile tida her ved administrasjonen, men eg meiner ein bør prøve å gjere meir ut av det. Eg ser fram til å jobbe meir konsentrert om eit spennande felt, erklærer han.

Mykje har skjedd sidan han sjølv tok til som studierettleiar ved fakultetet for meir enn 30 år sidan. Dei fleste utfordringane universitetet som utdanningsinstitusjon no står overfor, har bakgrunn i at det er mange fleire studentar enn før, meiner Bjørnset.


Må vurdere mastergraden

– Med så mange studentar, er det meir krevjande å gje undervising på eit nivå som gjer at vi når fram til alle. Dei undervisingsformene vi kunne bruke på 70-talet, er ikkje mogleg å oppretthalde no. Ein kan ikkje basere seg berre på plenumsforelesingar med så store studentkull. Vi må ha meir studentaktive læringsformer. Det er det arbeidet studenten sjølv legg ned, som er avgjerande. For universitetet blir det ein balansegang mellom kor mange studentar ein kan ha, og likevel gje god undervising. Og ser ein på gjennomføringsdata, står det dårlegare til på masternivå enn på lågaregradsnivå. Universiteta har ikkje greidd å få til eit studieopplegg som er realistisk å gjennomføre på normert tid. Vi må spørje oss kva krav ein eigentleg skal stille til ein mastergrad. Eg trur det er viktig å gå grundig inn i denne problemstillinga, både på universitets-, fakultets- og instituttnivå, seier han.


Forskarskulen eit steg i rett retning

Også organiseringa av forsking er i endring ved HF, som elles ved universiteta.

– Forskinga hos oss skil seg kanskje ut ved at ho tradisjonelt har vore knytt til enkeltforskarar og til små prosjekt. Det har vore utført mykje god forsking, men det har også vore ulemper, spesielt i høve til forskarutdanninga: Det har vore vanskeleg for doktorgradskandidatar å få den læringseffekten som kjem av å fungere i eit større forskingsmiljø. Det er eit mål å utvikle større forskargrupper og prosjekt parallelt med den individuelle forskinga. Miljøet i middelalderstudium, som fekk status som Senter for framifrå forsking, er eit døme på det. Forskarskulen i språkvitskap og filologi, som vart opna denne veka, er også eit steg i den retninga. Her arbeider ikkje kandidatane med same prosjekt, men fellestrekk i problemstillingane deira gjer at dei kan ha utbyte av felles seminar og liknande. Forskarskulen er eit døme på ein type nettverksorganisering som eg trur kan vere ei realistisk organisering for våre fag, seier han.


Bør gje seg mens leiken er god

Dei siste dagane skal han bruke til å førebu overgangen.

– Ein har jo saker ein gjerne skulle jobba vidare med. Eg kjem til å følgje opp ein del ting, slik at kontinuiteten skal bli god, men det er viktig å vere klar på at eg fungerer som ein rådgjevar, og at ansvaret er overlate til andre.

Han avgjorde allereie for nokre år sidan at det ville vere lurt å gje seg medan leiken var god.

– Eg trur det er bra å slutte i ein slik jobb før ein blir pensjonist. Fakultetsdirektørjobben er allsidig og spennande, men når ein har vore lenge i ein slik jobb, risikerer ein å misse litt av driven. Det er viktig å gje seg før ein hamnar i den situasjonen. No ser eg fram til å kunne fokusere på eit meir avgrensa arbeidsfelt, seier Bjørnset.

Powered by Labrador CMS