Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I 2002 vart 17 prosent av dei vitskapleg nytilsette på Mat.nat-fakultetet ved UiB rekruttert frå utlandet. I 2005 har talet på nytilsette rekruttert frå utlandet auka til 42 prosent.
Talet på forskarar som blir rekruttert frå utlandet aukar no altså kraftig år for år, slik at den totale andelen forskarar ved Mat.nat-fakultetet med utanlandsk bakgrunn blir stadig større. Sejrup strekar under at sjølv om det er mange positive sider knytt til direkte rekruttering frå utlandet kan det bli problematisk om ein får ein altfor stor andel utlendingar. Han er einig med dekan Sejrup i at førebels er det meir ei føremon enn eit problem.
– Vi forheld oss til ein internasjonal forskingsfront, då må vi også vere i den internasjonale marknaden. Så slik sett er dette ei naturleg utvikling. Ved å hente inn folk får vi tilsette med ein anna fagleg bakgrunn som kan gje oss nye idéar og andre impulsar, seier dekan ved Mat.nat-fakultetet, Hans Petter Sejrup.
Rekrutteringa skjer fra heile verda, sjølv om det naturleg nok er ein del skandinavar som kjem til UiB. Mat.nat-fakultetet prøver i følgje Hans Petter Sejrup aktivt å rekruttere kvinner, og det kjem fleire enn før frå utlandet, men langt frå nok til at fakultetet seier seg nøgd med talet på kvinner.
Mest stipendiatar
– Dette kan gå ut over det ansvaret vi har for vår eigen kultur og for å delta og formidle naturvitskap inn i det norske samfunnet.
Mat.nat-fakultetet har førebels ikkje laga ein oversikt der dei skil mellom ulike typar stillingar. Når det er 42 prosent utlendingar som vart tilsett i 2005 er dette samanlagt, og både rekrutteringsstillingar (stipendiatar), forskarstillingar og faste vitskaplege stillingar er tatt med.
Fakultetsdirektør Kjell Sælen seier at det høgaste talet på rekruttering av utanlandsk personnel har ein i rekrutteringsstillingar. Truleg ligg talet her på over 50 prosent. Talet på forskarar tilknytta Mat.nat aukar også år for år. Så langt i år er det tilsett personar i 97 stillingar, mot 83 i 2003. Det meste av desse er eksternt finansierte gjennom Norges forskingsråd og selskap som Hydro og Statoil.
Kvar blir det av dei?
– Dei fleste av stillingane våre blir lyst ut internasjonalt. Då får vi dei beste folka og dette gjer det lettare for oss å hevde oss i kampen om midlar. Vi er nøye med å handheve at dei nyrekutterte skal lære seg å undervise på norsk etter to år, men det er verdt å diskutere kvar det blir av rekruttane frå utlandet. Blir dei i landet og blir ein ressurs for oss, eller reiser dei sin veg etter avlagd doktorgrad, spør Sælen.