Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Unge utdanna menneske emigrerer til vestlege land med stort behov for kvalifisert arbeidskraft. – Vi subsidierer dei rike landa, seier Takyiwaa Manuh.
Manuh er professor og direktør ved Institute of African Studies ved University of Ghana og forskar mellom anna på emigrasjon og høgare utdanning i Afrika. Nyleg besøkte ho UiB og Senter for Kvinne- og kjønnsforsking. Tal frå 2004 viser at vel 3000 ghanesiske sjukepleiarar flytta ut i perioden 1998 til 2003, dei fleste til Storbritannia og USA. Det er anslått at 25 prosent av ghanesarar med høgare utdanning har emigrert til ulike OECD-land, hovudsakleg USA. Også andre enn helsearbeidarar let seg friste av eit liv i den rike verda. Manuhs eigen arbeidsplass, University of Ghana, har 700 tilsette for å ta seg av 25 000 studentar. Og mange av dei tilsette er eigentleg pensjonistar, ifølgje Manuh. Universitetet i Bergen har til samanlikning nesten 3000 tilsette og 17 000 studentar.
Det er mangel på statistikk over utvandringa frå Afrika. Det gjeld også emigrasjonen av den utdanna delen av befolkningane. Men det talmaterialet som finst, talar sitt tydelege språk: Stadig fleire emigerer, ikkje minst helsepersonell. Rike land i Nord med aldrande befolkning og få barnefødslar, som Storbritannia, USA og Tyskland, driv aktiv rekruttering av ressurssterke kvinner og menn frå Afrika, særleg til helsevesenet.
– Til saman reknar vi med at det er omlag 2000 ghanesiske legar i USA, Storbritannia, Canada og Tyskland. I Ghana har vi 633. Vi subsidierer dei rike landa, seier Manuh til På Høyden.
Fleire barn døyr
Tendensen er lik i mange andre afrikanske land, og konsekvensane for kontinentet som strevar med utvikling og enorme helseproblem som aids og malaria, er svært alvorlege.
– Når den utdanna delen av befolkninga utvandrar, skaper det eit verkeleg stort problem og vil føre til at FNs tusenårsmål ikkje vil bli nådd. Ghana er eitt av 50 land i verda der barnedødelegheita i dag går opp, seier Manuh.
Bør vere opne
Den ghanesiske professoren er sterkt kritisk til den strenge innvandringspolitikken som blir ført i mange europeiske land: Slusene er opne for dei høgt kvalifiserte innvandrarane, og dei blir oppmoda til å kome. Dei andre vert ulovlege innvandrarar med dei tragediene det ber med seg.
– Det er rein dobbeltmoral. Landa i Nord burde vere ærlege om dei behova dei har for innvandring. Då ville det vere mogleg å samarbeide og skape reguleringar og system til det beste for alle landa, konkluderer Manuh.