Tek e-litteraturen ut i biblioteket

Scott Rettberg har tatt e-litteraturen ut av floppydiskar, gamle Macintosh’ar og inn blant alt papiret med utstillinga «Elektronisk litteratur frå 1970-tallet til i dag».

– På ein måte har elektronisk litteratur kome seg litt ut av krokane. Og med utstillinga her er han jo midt i biblioteket. Men framleis er det ein litteratur som er litt i utkanten, seier Rettberg til På Høyden.

Utstillinga i andre etasje på Universitetsbiblioteket er sett saman av bøker, plakatar og gjenstandar som viser elektronisk litteratur dei siste førti åra. Med er sjølvsagt og datamaskiner med hypertekstfiksjon. Interaktive teksteventyrspel, som Colossal Cave Adventure frå 1976, teksteventyret Zork I er døme på denne litteraturen, som er frå tida før heimedatamaskiner hadde kapasitet til å køyre grafikk.

UiB og ekteparet Scott og Jill Rettberg har ein sentral plass innan forsking på elektronisk litteratur, og universitetet er sentralt i det fleirnasjonale forskingsprosjektet ELMCIP – Developing a Network-Based Creative Community: Electronic Literature as a Model of Creativity an Innovation in Practice.

Ut frå prosjektet kjem òg ein database over elektronisk litteratur, forskingsartiklar, arrangement og andre.

Utstillinga på UB er og eit frampeik eit par år fram i tid.

– Vi planlegg ein større konferanse her i 2015. Då håper vi å få til eit samarbeid med utstillingslokale og bibliotek rundt i byen. Digital kunst og elektronisk litteratur ligg tett saman, fortel Rettberg.

Han håpar at Bergen då kan bli vertskap for Electronic Literature Organization sin årlege konferanse. Det blir i så fall den andre gongen at konferansen blir arrangert i Europa. Vanlegvis blir han lagt til USA.

Utstillinga opna i går, og vil kunne sjåast på Bibliotek for humaniora i august og september.

 

Scott Rettberg fortel om den elektroniske litteraturen, som har tatt vegen ut frå harddiskane. Foto: Dag Hellesund

 

Tek e-litteraturen ut i biblioteket

Hypertekstfiksjon er en sjanger elektronisk litteratur som bruker hypertekst. Hypertekstfiksjon kjennetegnes ved at den er skrevet for å leses på en datamaskin, og av at leseren må følge lenker mellom tekstnoder for å følge historien.

Kjelde: Wikipedia

Powered by Labrador CMS