Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dei hadde mykje på hjertet, men det var langt mellom spissformuleringane då rektor- og prorektorkandidatane presenterte seg for UiB-folket.
– Det er ikkje lenger legitimt å ha doktorgrad i Noreg, konkluderte rektorkandidat Rune Nilsen. ”Det einaste eg synest er leit med Sigmund Grønmo er at han er mann.” (Gro Lie i presentasjonen av Grønmo)
– Kunnskap er ikkje verdsett, konkluderte rektorkandidat Leiv K. Sydnes.
– Vår oppgåve er å synleggjere verdien av utdanning, konkluderte rektorkandidat Sigmund Grønmo.
Uansett kven som får tillit til å styre UiB dei neste fire åra er det med andre ord nok av utfordringar ta tak i. I løpet av vel tre timar i auditorium 2 på Dragefjellet fekk om lag 100 frammøtte høve til å stille spørsmål og høyre på både presentasjonar av kandidatane, kandidatane som presenterte seg sjølve og appellar frå kandidatane.
Det handla om velkjende tema som styring, rekruttering, likestilling, forsking, undervising og formidling. Samt storleiken på rektoratet. For det er ikkje snakk om sylskarpe skilleliner i denne valkampen.
– Vi vil utvide og dermed styrke rektoratet, sa Sigmund Grønmo, som ønskjer å ta med seg to viserektorar i tillegg til prorektor til Muséplass.
– Vi vil vere best tent med eit lite rektorat, hevda Rune Nilsen, som eventuelt vil leie eit rektorat med seg sjølv og prorektor.
Leiv K. Sydnes kom med eit anna syn på saka. Også han stiller til val med berre ei ekstra kvinne på laget.
– Først når universitetsstyret er valt og vi ser kva behov vi må fylle, meiner eg det er rett å bestemme kva slags viserektor vi bør ha med oss, sa Sydnes.
Kva veljarane bestemmer seg for, blir klart 15. april. Før den tid blir det mellom anna ny rektordebatt på Kvarteret, torsdag 7. april i Teglverket klokka 21.00. Dei som går dit, kan håpe på høgare debattemperatur.
SAGT PÅ PRESENTASJONSMØTET:
”Nokon har skildra leiarstilen hans som management by walking.” (Tor Halfdan Aase i presentasjonen av Sydnes)
”I fjernsynsprogrammet “Typisk norsk” har dei brukt uttrykket bullshit bingo.” (Lars R. Haaheim kommenterer debatten)