Beintungt skjelett å bere for flyttekarane. Foto: Silje Katrine Robinson
Spekkhoggaren har lege på lager på Realfagbygget saman med gamle hestehovud. Foto: silje katrine robinson
Namneskiltet føgjer med tilbake til Naturhistorisk museum Foto: silje katrine robinson
Inn i varmen igjen til eit nyoppussa Naturhistorisk museum. Foto: silje katrine robinson
Ein spekkhoggar vender heim. Foto: Silje Katrine Robinson
Eit spesielt syn i gatene på Nygårdshøyden. Foto: silje katrine robinson
Baktropp med kvalhale. Foto: silje katrine robinson

«Eg tror eg trenger litt hjelp med de der ribbeina»

Ni kvalar utan kjøt på beinet kom heim til museet. Nedteljinga til opninga av Naturhistorisk museum er i gang.

Publisert Sist oppdatert

Det var ein absurd prosesjon gjennom byens gater, seks menn med ein spekkhoggar mellom seg.

Samstundes var det den beste og mest skånsame måten å få spekkhoggaren fram til destinasjonen. Ni tannkvalar har vore i eksil frå Naturhistorisk museum. No er oppussinga komen langt nok til at dei kan komme heim

Nokon er komne heilt frå Kristiansand, der spesialistar har pussa opp beingrindene. Frå Realfagbygget kjem spekkhoggaren og ein del mindre tannkvalar – i tillegg til eit digert hjarte. Hjartet slutta truleg å slå nord for Bergen ein gong mot slutten av 1800-talet. Det er der dei fleste kvalane i den rikhaldige samlinga på museet kjem ifrå.

Det fall av nokre bein på vegen, men det var ikkje verre enn at vi får dei på plass igjen

Terje Lislevand

– Det var ein del kvalfangst på Sotra og i Øygarden på den tida, på Bildøy og i Skogsvågen. Bergens museum, som det heitte den gongen, hadde god tilgang, fortel Terje Lislevand, førsteamanuensis ved Universitetsmuseet – og plukkar opp ein bit av ein ryggvirvel.

Bein er tungt, også gamle spekkhoggarbein. Opp siste trappa til museet, siste kneika, knaka det.

– Eg tror eg trenger litt hjelp med de der ribbeina, seier ein av mennene med spekkhoggaren.

Etter nokre timar er alle skjelett på plass, klare til å bli rigga opp i kvalsalen. Der får dei møte folket igjen ein gong hausten 2019, når museet etter planen – endeleg - skal opnast igjen.

– Det gjekk bra, dette, konstaterer Terje Lislevand.

– Det fall av nokre bein på vegen, men det var ikkje verre enn at vi får dei på plass igjen.

Powered by Labrador CMS