Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Grillsesongen burde etterkvart stå for døra, og På Høyden innleia med å grilla dei to rektorkandidatane. Her er Kuvvet Atakan sine svar på På Høyden sine ekle spørsmål.
Kuvvet Atakan grillar gjerne. Men denne gongen var det rektorkandidaten sjølv som vart grilla – av På Høyden-journalist Hilde Kristin Strand. Foto: Dag Hellesund 1.Den mykje omtala saka ved Institutt for samanliknande politikk viser at det er uheldig at fagmiljøet ikkje har noko dei skulle sagt i tilsetjingssaker. Fagmiljøet vart i denne saka splitta. Bør tilsetjingar verta betre forankra i instituttråda, til dømes ved at utlysingstekstar vert tekne opp her? 2.Korleis kjem forholdet mellom rektor og direktør til å vera med deg i rektorstolen? 3.Begge rektorkandidatane seier at de ønskjer meir openheit. Men: postlistene er fem veker på etterskot, sakspapir er usynlege og vert i nokre tilfelle ikkje lagt ut i det heile, ettersending av papir til ulike møte ser ut til å skje tilfeldig og det er opp til den enkelte sakshandsamaren å sladda. Kva er dei konkrete tiltaka for meir openheit? 4.Rektor har stor makt. Kva vil du konkret gjera for at ulike stemmer kjem til orde? 5. Kva er dei konkrete tiltaka får å få ned talet på mellombelse stillingar? 6.Kva meiner du at konflikta Grønmo-Rommetveit har ført til så langt? Kva vil skje etter valet? Og korleis kan systemet tillata at ei slik konflikt får prega organisasjonen? 7.UiB verkar tidvis å ha eit høgt konfliktnivå. Korleis kan ein unngå at personkonflikter påverkar heile eller deler av organisasjonen? 8.På spørsmål seier du at du støttar eksternfinansiering, men din prorektorkandidat verkar å vera ein sterk motstandar av dette. Er de samde? Og kven bestemmer? 9.Du har site i rektoratet i fire år – andre i same rektorat har site i åtte. Ønskjer ikkje veljarane endring? 10.På spørsmål frå På Høyden sine lesarar tok Team Olsen til orde for marknadspris på UiB sine parkeringsplassar. Det gjorde ikkje Team Atakan. Tør du å ta upopulære avgjerdsler? 11.Forskingsmeldinga seier fokuser, fokuser, fokuser. Du og ditt team vil ha breidde. Seier de det for å tekkast veljarane? 12. Du verkar veldig diplomatisk. Er du ein sterk nok leiar? 13. Du kom seint på bana som rektorkandidat. Kvifor? 14. Når dei to rektorlaga har svart på spørsmål frå På Høyden sine lesarar, har Team Olsen svart på nynorsk når spørsmåla har vore formulerte på nynorsk. Det har ikkje Team Atakan gjort. Kva er ditt forhold til nynorsk? 15. Korleis har forholdet ditt til Sigmund Grønmo vore? Og korleis vil det verta? Vil Grønmo verta ein slags sjuande far i huset?
Svar: I ein tilsetjingsprosess er det ulike instansar, og rollene er fordelt. Det er viktig å vera klar over kva som er den sakkunnige komiteen si rolle, kva som er innstillar si rolle og kva som er den som skal tilsetja si rolle. Slik det fungerer no, er dette i nokre samanhengar utydeleg. Det kan føra til misforståingar og feil. Det er viktig å vita kva ein må forholda seg til – altså kva seier lovverket? Det er viktig at den sakkunnige komiteen har eit klårt og tydeleg mandat. Utlysingsteksten er allereie diskutert i ulike fora – dette er institutta sitt ansvar. Men det er viktig at tekstane ikkje er tvetydige.
Svar: Dei siste åtte åra har dette fungert utmerka. Rektor og direktør er i kontinuerleg dialog. Eg vil halda fram med denne linja. Eit godt samarbeid er essensielt. Ein må òg forstå kvarandre sine roller.
Svar: Frustrasjonen mange tilsette har er at dei ikkje finn informasjonen når dei treng han, men dei finn han gjerne etter at vedtak er fatta. Dette har eg opplevd sjølv. Me ønskjer å gjera tidsløpet synleg. I til dømes budsjettarbeidet er det eit årshjul. Dette er noko dei tilsette eigentleg burde vita, men me opplever at nokon vert frustrerte år etter år. Me ønskjer å laga eit digitalt verktøy som viser i tid kva som skjer når. Sjå for deg ein togstasjon med ulike destinasjonar. Toga kjem – men dei kjem berre ein gong. Der kan ein då velja kva ein vil sjå nærare på – og her skal det òg vera kopling til underliggande dokument. Det er ingenting som er skjult i dag, men ein skal vera god for å finna til dømes sakspapira til eit bestemt møte i organisasjonen.
Svar: Først: Makt er noko ein tileignar seg på grunnlag av legitim oppførsel, tillit og respekt. Eg er oppteken av at det er ulike kanalar, og oppteken av gode møteplassar. Spørsmålet vil likevel vera om ein får med seg alt. Eg trur ein rektor neppe vil kunne dekka alt, men ein må vera bevisst på kor ein har informasjonskanalar. Dei ulike nivåa må ha gode kanalar.
Svar: Først må me definera kva mellombelse stillingar er, og kva type av desse stillingane me ønskjer og ikkje. Nokre stillingar, som ph.d, skal vera mellombelse. Men det er ikkje ønskjeleg at nokre er mellombels tilsett i år etter år – dette må me redusera. Innstegsstillingar, som forskingsmeldinga legg opp til, kan hjelpa. Men for at ei slik ordning skal kunne fungera, må det vera klare reglar. Dette skal ikkje vera ei form for innavl, og finansieringa må avklarast. Forskarforbundet har no sagt at dei meiner at ein skal tilsetja i faste stillingar til dømes i samband med Senter for framifrå forsking. Dersom ein ikkje har finansieringa i orden når SFF-perioden er over, må ein eventuelt seia opp dei som vart tilsett. Eg meiner òg at me må gå i dialog med arbeidslivet elles. Det er 250 stipendiatar som leverer doktorgrad kvart år ved UiB. Det er ikkje plass til alle dei i akademia – og det skal det heller ikkje vera. Men deira kompetanse er positiv for arbeidslivet elles òg.
Svar: Dette er eit ømt tema. Me som stiller til val no har inga direkte kopling til denne saka. UiB har ulik historie, og den historia må ein ta lærdom av.
– Men Rommetveit har framleis ei rolle i forhold til UiB?
– Det er heilt uproblematisk. Me må sjølvsagt forholda oss til instansane rundt universitetet på ein profesjonell måte.
Svar: Me skal ha stor takhøgde, og skal vera i stand til å ha saklege diskusjonar. Ytringsfridom er viktig, og kritikk er verdfullt. Men samstundes finst det kjørereglar for kva ein kan seia og ikkje. Personsjikane er ikkje akseptabelt.
Svar: Ja, me er samde. Og me bestemmer i fellesskap. Min prorektorkandidat har store forskingsprosjekt som er eksternfinansiert, og ho forstår kor viktig eksternfinansiering er. Det er viktig å skilja: Universiteta er avhengige av eksternfinansiering – det er ei kjennsgjerning. Men det er viktig at ein i neste omgang definerer kva eksternfinansiering ein skal ha. Me skal driva grunnforsking, ikkje oppdragsforsking eller produktutvikling. Det er berre universiteta som driv med grunnforsking. Samarbeidet med til dømes Statoil fungerer bra fordi Statoil òg sjølve driv mykje med forsking. Dersom ein har eksternfinansiert forsking, må partane ha ei klar og tydeleg rolleforståing.
Svar: Jo, det gjer dei sikkert. Eg trur ikkje dei kan få noko betre endring enn meg. Eg har ein heilt anna bakgrunn og kjem utanfrå. Å velja meg er det mest radikale ein kan gjera. Me har eit heilt nytt team, og nye tankar.
Svar: Dei få parkeringsplassane UiB har skal brukast til bestemte formål. Me må ta omsyn til at dei tilsette har ulike behov, og må difor ha nokre plassar. Då synest eg det vert kunstig å ta betaling for dei. Men me har allereie redusert talet på parkeringsplassar, og elbilar har fått fleire plassar.
Svar: Det er ikkje snakk om å tekkast veljarane. Me meiner at breidde er styrken vår. Ein veit ikkje kva som vil skje i framtida. Eg kan nemna eit døme frå mitt eige fagfelt: Jordskjelvforskinga i Bergen byrja med ein einsleg seismograf i 1905, som vart plassert på Universitetsmuseet. Etter kvart vart det bygd opp ein kompetanse, og me fekk jordskjelvstasjonen i Bergen. Når fekk ein bruk for denne kompetansen? Etter seksti år – då Ekkofiskfeltet skulle byggast ut på 1960-talet. Dette vart eit kompetansesenter, og i dag er det framleis slik at alle kandidatane som har vore knytt til jordskjelvstasjonen har nøkkelstillingar i oljenorge. Dette er verkeleg sosialt entreprenørskap – og ei utvikling som har skjedd i det stille.
Svar: Eg er sterk nok når det trengs. Eg er prinsippfast og ikkje redd for å seia det høgt når noko er gale. Mange ser på meg som snill og diplomatisk. Det er eg òg – det er ein del av min natur. Men dei som kjenner meg, veit at eg kan vera temmeleg prinsippfast.
Svar: For det første fordi eg synest det er uinteressant å skulle driva med valkamp i eit heilt år. Eg har vore ein del av rektoratet i fire år, og når den perioden byrja å gå mot slutten var det naturleg å tenkja på kva eg skulle gjera vidare. Det var vanskeleg å velja.
Svar: Eg skal ikkje lata som om eg meistrar nynorsk – det har med bakgrunnen min å gjera. Men det betyr ikkje at eg ikkje ser nytteverdien av nynorsk. UiB har vore flinke, og mellom anna fått ein nasjonal pris. Nynorsk er viktig – men det står og fell ikkje på rektor sin målbruk.
Svar: Grønmo kjem ikkje til å verta nokon sjuande far i huset, og det trur eg ikkje han ønskjer heller. Han skal attende til instituttet sitt. Forholdet mitt til Grønmo har alltid vore bra, og eg har gode og positive røynsler å ta med meg.