Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tilgang, pengar og rettleiing er blant problema dei tverrfaglege sentra støter på. No vil Skok-leiar Ellen Mortensen ha tydeleg svar frå rektorkandidatane på kva dei vil gjera for dei som er tverrfaglege.
– No må ein løfta dette frå festtalenivå til konkrete forslag om korleis ein sikrar tverrfagleg forsking og undervisning ved UiB, seier Ellen Mortensen. Ho er leiar ved Senter for kvinne og kjønnsforsking (Skok) – eitt av fleire tverrfaglege senter ved UiB. – UiB er bygd opp rundt fag og disiplinar, som er samla i institutt- og sentereiningar. Den organisatoriske og økonomiske strukturen gjer at kvar eining skjøttar sitt bord, utan tanke på kva som kan tena institusjonen som heilskap. Erfaring viser at det kan vera svært gunstig, særleg for forskinga, med tverrfaglege forskingsmiljø, seier Mortensen. – Men slik det er i dag, møter me som arbeider på tverrfakultære og tverrfaglege arenaer hindringar både i forhold til stillingar og i forhold til pengar, seier ho vidare. – Må krangla – Problemet er at ein i dag institusjonelt sett berre kan vera tilsett ein stad. Stipendiatane må verta tekne opp ved dei ulike fakulteta for å koma inn i forskarutdanningsprogrammet. Ofte har dei hovudrettleiar i disiplinen, men birettleiar her hos oss, seier Mortensen. I same bygg som Skok, ligg òg Senter for vitskapsteori (SVT). Dei opplever mange av dei same problema. – Slik det er i dag, må me krangla for kva einaste kandidat, både når det gjeld å få registrert kandidatane våre og når det gjeld tilgang på resultatmidlar, seier Mortensen. Institutta får mest – Samstundes insisterer institutta på å få mesteparten av resultatmidlane. Til dømes meiner SV-fakultetet at fordeling skal vera 80 prosent til det aktuelle instituttet og tjue prosent til Skok. Mortensen seier at Skok meiner at midlane i alle fall bør delast femti-femti. –Det er fruktbart for stipendiatane å vera hos oss i eit tverrfagleg forskingsmiljø. Både Forskingsrådet og EU ønskjer tverrfaglege forskingsprosjekt i sine utlysingar, seier Mortensen. – Stipendiatane våre vert i mange tilfelle stemoderleg behandla innan forskarutdanninga på fakulteta. Nokre av dei opplever til dømes at dei ikkje kjem med på e-postlister, og nokre vert nekta pliktarbeid, seier senterleiaren. Mortensen etterlyser no konkrete tiltak frå dei to rektorkandidatane. Ho seier at ho prøvde å ta opp spørsmålet om vilkåra for tverrfaglege miljø under ein rektordebatt før påske, men at ho ikkje fekk svar som ho vart klok av. – Det må for det første vera institusjonelt mogleg å vera formelt knytt til to ulike stader ved UiB. Slik det er i dag, voktar alle sin eigen teig. Ein må ta inn over seg at kandidatane som er hos oss er verdfulle både for institutt og for UiB som institusjon, seier Mortensen. – Oppfatta som konkurrent Ho er administrativ koordinator ved UiB Global. – Slik det er i dag, kan me verta oppfatta som ein konkurrent til institutta. Systemet legg opp til at ein berre kan høyra til ein stad. No vert det ofte ein diskusjon om kor prosjektet skal ligga, kor dei tilsette skal vera, og kven som skal betala husleige. UiB Global ligg i dag under forskingsadministrativ avdeling. Det fungerer ikkje optimalt, seier Svartveit. – Dette var ein stad med mange forskarar, som så vart flytta til sine institutt. Det var sagt at UiB Global skal vera ein møteplass. Men når mellom anna strukturane legg opp til at ein berre kan vera tilsett ein stad, vert det vanskeleg. – Kva kan rektorkandidatane gjera for at det skal verta enklare for dykk? – Global og utviklingsrelatert forsking er eit av UiB sine satsingsområde. Dette er ikkje eitt fag – det er behov for tverrfaglegheit. Rektorkandidatane bør for det første fjerna strukturar som hindrar tverrfaglegheit, slikt som internhusleige. Samstundes bør ein ha nokre insentiv for tverrfaglegheit, og belønna dei som vil jobba slik, meiner Svartveit. Ho seier at det kan vera utviklande for forskarane å få sjanse til å sitja saman over tid og jobba med felles prosjekt, og at institutta òg får mykje att for at deira tilsette kan få denne røynsla. Forsidefoto: Mia Kolbjørnsen
Skok ønskjer at dei som vert tilsett som stipendiatar ved senteret òg skal kunne ha ein fot i fagdisiplinen sin. I dag rekrutterer senteret i hovudsak forskarar med bakgrunn frå HF eller SV.
Mortensen seier at Skok i dag har eit knippe stipendiatar, som dei følgjer opp fagleg fram mot doktorgrad. Senteret skaffar ofte både finansiering, kontorplass og rettleiar.
– Det er strukturelle problem knytt til å vera tverrfagleg, seier Kristin Svartveit.