Tidleg trening hjelper dysleksi-born

Publisert

Åtte års forsking på barn og dysleksi syner at tidleg kartlegging og god språktrening kan spare born i risikogruppa for mykje unødvendig liding.

– Konklusjonen vår er at det er mogleg å identifisere dei borna som har risiko for å utvikle dysleksi ved hjelp av enkle metodar, og hjelpe dei til å utvikle betre lese- og skriveferdigheiter ved å gje dei tidleg språktrening, seier professor ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Turid Helland.

Forskingsprosjektet ”Ut med språket” har følgt ei gruppe born frå dei var fem til tolv år gamle. Ved starten vart nokre av borna vurderte til å vere i risikosona for å utvikle dysleksi. Vurderinga skjedde på bakgrunn av eit enkelt spørjeskjema som vart fylt ut av foreldre og førskulelærarar til dei den gong fem år gamle borna, og risikoen vart stadfesta av undersøkingar med funksjonell magnetresonansavbilding (fMRI). Av 22 born i risikogruppa, hadde 11 utvikla dysleksi ved tolv års alder, mot 2 i kontrollgruppa.

Enkelt verktøy for risikovurdering
– Vi ser at berre ved hjelp av det enkle spørjeskjemaet, trefte vi veldig godt då vi plukka risikoborna, trass i at dei enno ikkje hadde starta med leseopplæring, fortel Helland.

På bakgrunn av spørsmål om mellom anna arv, språkutvikling og motorisk utvikling, kalkulerte forskarane ein risikoindeks som vart brukt til å vurdere borna sin risiko for å utvikle dysleksi. Spørjeskjemaet vart utforma så enkelt som råd, sidan mange born med risiko for dysleksi også har foreldre med dysleksi.

Dei borna som vart med vidare i prosjektet, fekk delta i eitt av to databaserte treningsopplegg. Det eine blir kalla ”Frå lyd til meining” og tek utgangspunkt i gjenkjenning av språklydar.

Artikkelen held fram under biletet.

med språket” blir i desse dagar publiserte i internasjonale tidsskrift.

Trenar på lyd og meining
– Når vi snakkar, kjem lydane etter kvarandre i rask rekkjefølgje, og ein teori er at språkvanskar kjem av at borna ikkje greier å skilje lydane fort nok. Programmet tilpassar seg barnet sitt tempo og aukar tempoet etter kvart som barnet får taket på det. Så går ein vidare til musikklydar, intervall og tonehøgde, og til slutt blir lydane kopla mot bokstavar, seier Helland.

Den andre metoden går motsett veg, ”Frå meining til lyd”. Då startar ein med fulle setningar som blir kopla mot bilete, og deretter brote ned til ord, bokstavar og til sist lydar. Til saman gjev dei to metodane to vegar til same mål.

– Borna fekk intensiv trening kvar vår i tre år. Dei som brukte ”Frå meining til lyd” lærte fortare å lese og skrive i 2. klasse, medan dei som brukte ”Frå lyd til meining” gjorde det betre på testar som handla om basalkunnskapar. Så det beste er ein gjennomtenkt kombinasjon av dei to metodane, meiner Helland.

Dysleksi likt fordelt mellom kjønna
Eit anna interessant funn i studien har med kjønnsfordeling å gjere. Tradisjonelt har ein gjerne tenkt at fleire gutar enn jenter utviklar dysleksi. Av borna som utvikla dysleksi i løpet av studien, var det derimot like mange jenter som gutar. Men risikoindeksen var lågare for jentene, det vil seie at risikogutane var meir markerte i høve til indeksen, medan risikojentene var meir diffuse. Ved starten av prosjektet hadde forskarane indikasjonar frå epidemiologiske studiar på at dysleksi i realiteten er like utbreidd hos jenter som hos gutar, og dei valde difor å korrigere for kjønn ved å leggje terskelen for inkludering i risikogruppa lågare for jenter enn for gutar.

– Dette er noko vi har fått gode tilbakemeldingar på i fagfellevurderingar. Ein skal hugse at det kan vere lettare å oppdage dysleksi hos ein gut som blir uroleg i klassen, enn hos ei snill og pliktoppfyllande jente som berre blir ulukkeleg og får hovudverk, seier Helland.

Bør ikkje vente og sjå
Studien viser at born med dysleksi tapar på den vente-og-sjå-haldninga som så langt har vore utbreidd i skuleverket. Tvert imot er det alt å vinne på tidleg kartlegging og intervensjon. Turid Helland meiner det er misforstått å ikkje undersøke barns språkutvikling av frykt for stigmatisering eller andre reaksjonar hos barnet.

– Det fine med slike spørjeskjema er at dei blir utfylt av omsorgspersonar, og barna merkar ikkje noko til dei. Vidare testing og tiltak kjem først etterpå. Vi såg heller ikkje noko teikn til at borna let seg skremme av språktreninga eller av testane, ikkje eingong fMRI-scanningane. Men alt må skje på deira premiss: Kortvarig, leikande, tilpassa borna sin arbeidsintensitet. Vi kunne sjå at dei treivst med å få all merksemda til ein vaksen, å få vere unike ei lita stund. Ein av dei kliniske implikasjonane av studien er at vi ikkje skal vere redde for å utsetje born for dette, hevdar ho.

Med tida håpar ho å få vidareutvikla spørjeskjemaet til eit format som kan nyttast i klinisk praksis. Dysleksi er medfødd, men er ei svært samansett liding, og vidare kartlegging er viktig for å kunne sette inn tiltak tilpassa den enkelte.

– Språkvanskar er usynlege og finst på alle evnenivå, men somme får det veldig tøft, og dei ønskjer vi å fange opp. Lese- og skrivevanskar fører jo etter kvart til vanskar i andre fag også. Målet er at også born med dysleksi skal kunne bruke lesing og skriving som reiskap til å lære seg andre ting.

 

Tidleg trening hjelper dysleksi-born

Fakta/Ut med språket

* ”Ut med språket!” er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen, Statped Vest og fem PP-kontor på Vestlandet. Prosjektet involverer både psykologar, logopedar, spesialpedagogar og hjerneforskarar, i tillegg til born og foreldre.

* 49 barn frå fire vestlandskommunar vart inviterte til å delta i eit oppfølgjingsprosjekt. Halvparten av borna vart utpeikt som risikogruppe for å utvikle dysleksi. Den andre halvparten er kontrollgruppe.

* Konklusjonane blir i desse dagar publiserte i internasjonale tidsskrift.

Powered by Labrador CMS