Tidsklemme på liv og død

Publisert

På 1700-talet kunne ”tidsklemma” føre til at halve barneflokken døydde. I dag handlar det meir om at vi ønskjer tid til sjølvrealisering.

– Det er lang historisk tradisjon for at særskilt mødre hamnar i klemma – og tidsklemma som røynsle er ikkje noko nytt fenomen. Tidsklemma som begrep høyrer imidlertid vår eiga tid til og tyder rett og slett å ha for lite tid til daglege gjeremål, seier førsteamanuensis og historikar Hanne Marie Johansen, ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning

På kvinnedagen 8.mars arrangerer Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) og Rokkansenteret ved UiB seminar med tittelen ”Tidsklemme i akademia- det moderne kvinnelivets dilemmaer”. Der deltek mellom anna sosiologen Ulla Britt Lilleaas som har skreve doktoravhandling om kvinner og menns kvilevaner og korleis dette påverkar helsa.

Vidare kjem Eva Dahr som skal vise filmen ”Tempo” som ho har laga med utgongspunkt i Lilleaas sitt arbeid. Tempo har vore vist i norske kinosalar som forfilm til den siste Bridget Jones-filmen. Dahr og Lilleaas deltek i eit panel saman med forskarar fra UiB, og Hanne Marie Johansen skal snakke om tidsklemma i historisk perspektiv.

Kvart tredje barn døydde

– Kanskje kan temaet verke litt slitt, men det er nok eit tema vi alltid vil vende tilbake til, seier Johansen. Ho meiner det er mange mytar rundt kvinneliv – både før og no.

– Vi trur til dømes at tidsklemma i eldre tider dreide seg om å oppdra store barneflokkar. Kvinner var i fyrste rekke mødre på heiltid og til mange barn, men eigentleg var det 1800-talet som var dei store barneflokkanes tid. Før det verka fleire tilhøve inn slik at fleirtalet av familiane i Noreg og elles i Nordvest-Europa ikkje fekk så mange etterkommarar. Høg giftermålsalder for kvinner i allmogen (25-30 år) og høg barnedødelighet gjorde at ofte berre 2-4 barn blei verande att etter foreldra, seier Johansen.

Ho fortel at kvinnene i det gamle norske bondesamfunnet var aktive i ein økonomi prega av det såkalla mangesysleriet. På kysten rodde menn fiske medan kona tok seg av gardsdrifta. Barn måtte arbeide i jordbruket. Dei aller minste fekk kan hende ikkje det nødvendige stellet og blei ikkje amma godt nok. Og ein kan spørje om det var tidsklemma til barselkvinnene som hadde skylda for at på 1700-talet døydde somme stader så mykje som 30 prosent av spebarna .


Ikkje nok å vere rein og mett

Historikaren meiner ein ikkje utan vidare kan samanlikne krysspresset kvinner (og menn) opplevde før og no.

– I dag har vi nokre val som kvinner ikkje hadde før. Før måtte ein berre overleve, medan det no handlar om meir enn det å skaffe seg eit utkomme. Det dreier seg om sjølvrealisering, Noko i systemet piskar oss fram. Liberalismen som dominerer vår tid er med å skape tidsklemme, gjennom at ein må stå på å vere sin eigen lykkes smed. Med på å auke krysspresset i dag er også det at det er større krav og forventning til foreldrerolla.

I 1950-årene var ein ei “god mor” om ein heldt barna reine, pene og mette. Er ikkje forventingane til dagens foreldre langt høgere? Krevs det ikkje no at barna skal følgast opp på mange plan, spør Johansen. Ho viser til tidsutnyttingsstudiene som Statistisk sentralbyrå har utført på norske familiar over fleire ti-år. Dei fortel at mødre og fedre i dag faktisk brukar mer tid på barna enn tidligare foreldregenerasjoner. Likevel kunne ein tru at auka likestilling og likedeling av arbeidsoppgaver kompenserer for kvinners manglande tid i familien.

Hanne Marie Johansen seier at ein grunn til at tidsklemme-problematikken er så aktuell akkurat no kan vere sjølv om ein i dag forventar at menn skal engasjere seg i eigne barn og dei faktisk gjer det, er husarbeidet framleis kvinners ansvar.


Emeritusforeldra

Når en studerer tidsklemme må ein sjå på korleis vi organiserer oss i familien i dag. Johansen peikar på at dei som også blir dradd inn i den moderne tidsklemma er dei såkalla emeritusforeldra: Relativt unge og spreke besteforeldre som hjelper voksne barn. Oftast er dei eldre kvinnene mest aktive. For kanskje er det mest ei myte at slekta er noko gammaldags som er blitt skifta ut med eit moderne liv der venner dominerer? Spør Johansen.

For i følge familieforskaren er det også i dag slik at mange har sterke forpliktelsar overfor og brukar mykje tid på sin næraste familie. Politikarane legg og opp til at det skal vere eit engasjement i slekta.

– Velferdsstaten kan ikkje dekke alt – og mange uløyste oppgåver innan omsorg krev engasjement. Dette er med å skape eit sterkt press, særskilt på kvinner.
Tidsklemmebegrepet blir likevel ofte misbrukt, for kvar gong vi har det travelt tyr vi til det begrepet, meiner familiehistorikaren.


Menn i klemma

Korleis trur du historikarar vil omtale den tida vi lever i når dei ser tilbake på den om tjue eller femti år?

Hanne Marie Johansen smiler og tenker seg om eit par sekund før ho svarar.

– Eg trur dei vil seie at trass i formelle rettar var kvinner plassert i tradisjonelle kvinneyrker og underordna posisjonar og at kvinner hadde stort ansvar for husarbeidet. Samstundes vil dette bli beskrive som ein periode då menn kom sterkare inn som omsorgsspersonar, seier Johansen.

Ho trur at menn i framtida vil komme til å oppleve tidsklemma i sterkare grad, medan kanskje kvinner vil oppleve det mindre.

– Vi kan vanskeleg sjå for oss at velferdssamfunnet kan dempe alle verknader av tidsklemma, men det viktigaste er kanskje endringar i familien. For omsorg og nærhet kan aldri velferdsstaten ta seg av, avsluttar kvinne- og kjønnsforskaren.

Powered by Labrador CMS