Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Gjennom samarbeidsavtalen mellom UiB og Makerere-universitetet skal IT-studentar frå Bergen no kunne ta delar av utdanninga i Uganda.
– I informatikk bruker ein dei same lærebøkene, og avstand er ikkje til hinder for kommunikasjonen. Dermed kan norske IT-studentar reise til Uganda og ta dei same kursa som dei ville fått heime, seier dr. Venansius Baryamureeba, direktør ved Institute of computer sciences (ICS) ved Makerere-universitetet. Mangelen på reknekraft skal no avhjelpast ved at forskarar frå Makerere skal få tilgang til tungrekneressursane ved UiB. For å få til dette, arbeider instituttet hardt med å utdanne så mange personar som råd, men også med å sikre kvaliteten på utdanninga.
UiB og Makerere-universitetet i Uganda har hatt eit samarbeid sidan 1991. Det omfattar forsking og vitenskapeleg kompetansebygging, utveksling av studentar og tilsette og generell institusjonsutvikling.
I samband med Kvalitetsreforma arbeider ein med å lage ordningar for utveksling av informatikkstudentar, og Baryamureeba har vore i Bergen for å møte personell ved dei ulike IT-miljøa ved UiB, samt universitetsleiinga og Internasjonalt kontor. Han har sjølv teke både mastergraden og doktergraden ved UiB. Etter planen skal dei første informatikkstudentane kunne reise til Uganda i januar.
– Vi har ein eigen computerlab for dei internasjonale studentane, og vi har fått eit nybygg som er gjeve av NORAD og som står ferdig i desse dagar, med både datasalar, auditorium og kontorplassar. Det vi først og fremst manglar, er supercomputerar med stor reknekraft, og lærekrefter, forklarer Baryamureeba.
Manglar superdatamaskiner
– Dersom computerbasert forsking, som bioinformatikk og medisinsk informatikk, skal lukkast i Uganda, må ICS påta seg ei nøkkelrolle i utviklinga. Tilgang til superdatamaskinene ved UiB frå Makerere vil gjere tilhøva mykje betre for slik forsking, seier Baryamureeba.
Når det gjeld personalmangelen, må ein rett og slett gå inn for å utdanne fleire.
– Mange av dei som har IT-utdanning vel å arbeide i selskap i byen fordi det er betre betalt enn ein universitetsjobb, men vi nyttar fleire av desse til å undervise på deltid, og nokre er rettleiarar for ein eller to studentar. Målet er at etter kvart som vi får utdanna fleire master- og doktergradsstudentar, anten heime eller i utlandet, vil marknaden bli metta slik at vi kan fase ut bruken av ekstern arbeidskraft og få vår eigen fulltidsstab ved ICS, seier han.
Vekt på fagleg kvalitet
– Akademisk er Makerere mellom dei beste universiteta i Afrika, og gjekk lenge under namnet «The Harvard of Africa». Men målet er å tilby IT-utdanning som kan konkurrere internasjonalt. Vi sender mange studentar til andre land, og det kan vi gjere fordi vi satsar mykje på at våre studentar skal vere svært fagleg dyktige.
– For å få til dette, nyttar vi mellom anna gjesteforelesarar og e-læring. Det vil seie at norske IT-studentar som kjem på utveksling til Makerere, kan få ei utdanning som tilsvarar det beste i verda, og samstundes nyte godt av låge levekostnader og få utanomfaglege opplevingar som dei aldri ville fått heime.
Baryamureeba legg vekt på at internasjonal røynsle vil bli stadig viktigare på arbeidsmarknaden, og at fleire nordmenn vil kome til å arbeide i Afrika i tida framover.
– Også forskingssamarbeid er viktig. Dei som har studert utanlands, oppretter gjerne langtids samarbeidsprosjekt med andre forskarar. Eg arbeider framleis i lag med rettleiaren min frå doktergradsstudiet i Bergen.
For at studentane skal få praksis og lære å arbeide med reelle problemstillingar, og for å skaffe litt ekstrainntekter til ICS, har fagmiljøet etablert eit konsulentfirma som tilbyr IT-tenester til offentlege og private aktørar i nærmiljøet. Baryamureeba var nyleg i Geneve for å motta ein internasjonal kvalitetspris på vegner av firmaet.
Makerere er også det første universitetet i dei såkalla minst utvikla landa, som har etablert eit utdanningsprogram under Cisco Networking Academy. Dette er eit samarbeid mellom Cisco Systems og internasjonale utviklingsorganisasjonar med formål å utdanne studentar i utviklingsland til jobbar tilpassa den moderne internettøkonomien.