Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Professor Brit Haver (Klinisk institutt 1, Det medisinsk-odontologiske fakultet) får tildelt Kongens fortenestemedalje måndag 11. mai.
Dei som tilrådde at ho skulle få prisen, trakk særleg fram arbeidet hennar med alkoholmisbruk hjå kvinner. Haver tok doktorgrad i 1988 som fyrste kvinnelege psykiater ved Universitetet i Bergen, og i 2002 blei ho professor.
Instituttleiar Nils Erik Gilhus, Klinisk institutt 1, seier at tildelinga er svært fortent, då Haver har gjort ei særs stor innsats for både forsking og undervisning i sitt arbeid som professor i psykiatri ved Universitetet i Bergen (UiB).
Gilhus påpeikar også at Haver har løfta eit sentralt forskingsfelt både nasjonalt og internasjonalt, og ho har på mange måtar vore ein pioner og ein rollemodell, både som kvinneleg forskar og legespesialist. Både forskingsresultata ho har oppnådd og dei strukturane for klinisk forsking ho har vore med å byggje opp, står framleis svært sentralt.