Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tilstandsrapporten for høgare utdanning er blanda lesing, sett med UiB-auge. Framgang og tilbakegang går hand i hand.
Tilstandsrapporten for universiteter og høyskoler 2015 blei publisert av Kunnskapsdepartementet tysdag. Mykje av innhaldet er allereie kjent, men rapporten viser også i år eit samla bilete av sektoren. Og for Universitetet i Bergen er ikkje biletet alltid like lysteleg.
Stort pluss for Horisont 2020
Men for å ta det positive først: UiB er best i klassen når det gjeld å få doktorgradskandidatar raskt gjennom utdanninga. Resultata er så gode at Kunnskapsdepartementet fann det passande å lekke opplysningane dagen før framlegginga. 73 prosent av kandidatane ved UiB gjennomfører graden i løpet av seks år.
Tilbakegang for doktorgrader
Men på mange viktige indikatorar er det nedgang for UiB. Doktorgradene går raskt på UiB, men det bli færre av dei, som På Høyden har skrive om fleire gonger. Saman med Tromsø har UiB den største nedgangen av avlagte doktorgrader i 2014. Det blei 49 færre doktorgrader i 2014, samanlikna med 2013.
Vil hente pengar frå EU
Rektor Dag Rune Olsen følgde framlegginga av tilstandsrapporten i går, og ingen av tala overraska han særleg.
– Vi gikk tilbake på talet doktorgrader i 2014, men hadde eit ganske stort tal året før. Ein har og lagt om midlane litt, slik at det blir fleire postdoktorstillingar, og litt færre doktorgrader. Dette er ei omlegging som Forskingsrådet har ønska, seier Olsen til På Høyden.
Men han er open for at UiB må ta eit større ansvar for doktorgradsproduksjonen i eit framtidig utdannings-Noreg.
Olsen er òg nøgd med at studentane i Bergen er over snittet utferdskåte, og at Bergen markerer seg som ein by med mykje utveksling.
– Vi fekk og mykje åtgaum for gjennomføringa av doktorgradene våre frå ministeren.
– Men UiB har tapt andelar av doktorgradsproduksjonen til UiO og NTNU dei siste åra. Kor skal vi hente finansiering til framtidige doktorandar?
– Vi er ganske gode på å få midlar får Forskingsrådet. Skal vi ha nokon særleg vekst er det EU og slike finansieringskjelder vi må tenke på, seier Olsen.
Han konstaterer óg at UiB har hatt ein nedgang i publiseringspoeng, men finn det naturleg sett i samanheng med auken i nivå 2-publiseringar.
– Det er òg gledeleg at vi har ei høg grad av siteringar på arbeida våre.
– Men Universitetet i Agder ligg føre UiB i publiseringspoeng per fagleg tilsett. Er du nøgd med det?
– Vi ønskjer dei lukke til! Men ved små institusjonar er ofte innsatsen til einskildforskarar avgjerande, og den kan variere.
Vil ha meir rettleiing
Som På Høyden skreiv i går, brukar seks av ti studentar meir enn normert tid på studia. Studentparlamentsleiar Tommy Aarethun meiner rettleiing av studentane er noko av det som manglar.
– Skal ein betra gjennomføringsgraden må utdanningsinstitusjonane ta seg saman. Det er på tide med eit skikkeleg løft for rettleiinga og oppføljinga av studentane i høgare utdanning. Me treng eit finansieringssystem som gjev institusjonane insentiv til nettopp dette, seier Aarethun.
Han vil ha kvalitet som rettesnor i studia, og meiner at studiefinansiering er særleg viktig.
– Noreg er midt i ein omstillingsprosess der universitets- og høgskulesektoren har ei nøkkelrolle. Det er viktig at investeringane både i studiefinansiering og i sektoren for øvrig er god nok til å sikra god kvalitet, både i forsking og utdanning, avsluttar Aarethun.