Tilsyn på tur

Publisert

Konkurransetilsynet er i byen. Førebels ikkje permanent, men for å få ein smakebit på kva ein har i vente når tilsynet flyttar til Bergen.

Konkurransetilsynet har i overkant av 100 tilsette, og dei aller fleste var med på turen over fjellet. I løpet av to dagar, 30. og 31, oktober, har tilsynet møte med dei relevante akademiske miljøa i Bergen, og med kommune, fylkeskommune og Bergen Næringsråd. I tillegg til den faglege orienteringa, får dei besøkjande høyre om bustadmarknad, næringsliv og kulturelle og sosiale tilbod i Bergen. Målet er å ha flest mogleg med på lasset når flyttinga av tilsynet er sluttført ved utgangen av 2006.

Torsdag 30. oktober var dagen for presentasjon av dei akademiske miljøa, og auditorium C på NHH var fullsett. Frå UiB var både Institutt for økonomi og Juridisk fakultet på plass for å fortelje om seg og sitt.

Gjensidig utbyte

– Vi uteksaminerar om lag 20 studentar i året. Eg ser mange kjende andlet her som eg synest gjekk på instituttet i forgårs, sa professor Tommy Stahl Gabrielsen frå Institutt for økonomi då han såg utover forsamlinga.

Han gav det han kalla «eit sveip gjennom undervisingstilbodet» - eit breitt tilbod som gjev relativt godt grunnlag for spesialisering i emne relevante for konkurranseanalyse. Han stilte spørsmåla «kva kan vi gjere for Konkurransetilsynet, og kva kan dei gjere for oss?», og freista leggje fram nokre svar sjølv:

– Vi kan utdanne samfunnsøkonomar, tilby kurs for etter- og vidareutdanning, og ha seminar og workshops og liknande. Konkurransetilsynet kan på si side tilby forskingsrelevante problemstillingar, case-studiar, gjesteforelesarar, og sjølvsagt ein arbeidsplass for ferdige kandidatar.


Må byggje kompetanse

Dekanus ved Det juridiske fakultetet, Ernst Nordtveit, slutta seg til dette samarbeidspotensialet. Han vedgår at UiB per i dag ikkje har ein like stor kompetanse på konkurranserett som ein har i Oslo, men meiner at potensialet er stort.

– Innan tre-fire år vil vi ha ein professor og fleire stipendiatar på området konkurranserett. Og i dag har vi eit sterkt miljø på allmenn forvaltingsrett, som også er eit viktig element for verksemda til Konkurransetilsynet. På dette området er vi leiande i landet.

Han la vekt på at kvalitetsreforma gjev heilt andre moglegheiter enn før til fagleg spesialisering.

– No skal studentane ta valemne tilsvarande 30 studiepoeng, og dei skal skrive ei masteroppgave av same omfang. Det er klart at ein student som tek 30 studiepoeng valemne i konkurranserett og etterpå skriv ei avhandling om konkurranserett, vil ha ein sterk kompetanse på dette området, hevda han.


Nytt valemne i konkurranserett

Frå og med hausten 2003 har fakultetet oppretta eit slikt valemne i konkurranserett - eit studietilbod som var naturleg ut frå situasjonen når det er bestemt at tilsynet skal flyttast til Bergen. Konkurranseretten ligg innanfor både privat og offentleg rett, og er nært knytt til EU/EØS-rett der det er eit høgt prioritert område, til dømes gjennom forbod mot proteksjonistisk nasjonal diskriminering. Kurset tek for seg hovudproblem innan feltet, så som regulering og overvakingsordningar, kompetansefordeling og reglar om monopoldanningar, samt organar i EU og EØS.

– Vi meiner kurset gjev ein god fagleg bakgrunn for å arbeide med konkurranserett, men vi vil sjølvsagt aldri ta sikte på at våre folk skal bli større ekspertar på detaljane i konkurranselova enn Konkurransetilsynet sjølv. Det vil ikkje vere ei fornuftig arbeidsdeling, meiner Nordtveit.


Har sakna dialog

Kommentarar frå salen peika i retning av at interessa for samarbeid frå dei faglege miljøa var velkomen.

– Vi kan ikkje leggje skjul på at i Oslo har vi somme tider sakna ein slik god dialog med, og interesse frå, dei akademiske miljøa, sa ein.

Prorektor ved NHH, Lars Mathiesen, var nøgd med måten fagmiljøa hadde fått synt seg fram.

– Det er heilt naturleg for oss å gripe inn og vere aktive på dette stadiet. I Oslo har tilhøvet mellom Konkurransetilsynet og fagmiljøa grodd fram over tid, men når tilsynet flyttar til Bergen, vil det vere starten på noko nytt som vi kan gripe fatt i og forme. Du høyrde at ein god dialog med fagmiljøa har vore sakna i tilsynet, og i så måte kan bergensmiljøet vere sterkt på bana, sa han.

Powered by Labrador CMS