Tjelden set kjøleanlegg på vent

Publisert

Endeleg er tjeldane tilbake på webkamera. Hekkinga har sett ein førebels stoppar for eit nytt kjøleanlegg på toppen av Realfagsbygget.

Arbeidet med ny datahall i Realfagsbygget er i gang. Delar av kjøleanlegget skal byggjast på taket, men tjeldane som årvisst vender tilbake til Realfagsbygget for å hekke har sett byggeplanane på vent.

– Vi har beslutta å utsette takarbeidet til ungane er ute av reiret. Tjeldane skal få kose seg i fred, seier Thomas Evensen, IT-direktør ved Universitetet i Bergen.

  (Foto: stillbilete frå webkamera)

Tidleg tjeld
Tjelden er ein av fuglane som kjem tidlegast tilbake til Noreg etter vinteren. Allereie 9. mars vart dei første tjeldane observerte i Bergen sentrum. No kan den svarte og kvite fuglen med det knalloransje nebbet også observerast på webkamera der dei hekkar på taket av Realfagsbygget.

– Så vidt vi veit hekkar det tjeld både på toppen av Realfagsbygget, Høgteknologisenteret og HF-bygget. UiB vert flittig brukt, seier Arild Breistøl, senioringeniør ved Institutt for biologi.

Raskt ute på eventyr
Tjeldane på toppen av Realfagsbygget ventar på at tre egg skal klekkast. Ifølge Breistøl kan dei vente seg travle dagar i tida rundt 24. mai. Vanlegvis kjem ungane ut av egga på denne tida. Dei to-tre første dagane får dei servert meitemark som dei nybakte foreldra finn i Nygårdsparken, men det varer ikkje lenge før dei legg ut på oppdagingsferd.

– Tjelden blir klekka med dun og fjør og kan gå etter berre nokre timar. Det at ungane har kome så langt i utviklinga når dei blir klekka er spesielt for vadefuglane og andefuglane, seier Breistøl.

 

Powered by Labrador CMS