To Bergens-prosjekt får verifiseringsmidlar

Har spanande forskingsresultat eit kommersielt potensial? Forskingsrådet har sett av 58 millioner kroner for å finne ut nettopp dette.

To av dei dei forskingsbaserte prosjekta som vil motta såkalla verifiseringsmidlar er i Bergen, ved Bergen Teknologioverføring (BTO).

Lakselus og olje
Det eine prosjektet dreier seg om behandling av lakselus, og er kalla «Commercialisation of Qlice in treatment of farmed salmonids against sea lice». Prosjektet vil få 3 400 000 kroner frå Forskingsrådet.

Det andre er eit petroleumsprosjekt med tittelen «Hyperspectral scanning of borehole cores from petroleum reservoirs», og kan vente seg 3 337 000 kroner i verifiseringsmidlar.

Nøye vurdering
Løyvingane frå Forskingsrådet er eit ledd i programmet FORNY2020.  I alt 22 forskingsbaserte prosjekt skal med i kartlegginga, der målsetnaden er å vurdere prosjektet sin samfunnsmessige nytterverdi og kommersielle potensiale.

– Alle dei 22 prosjekta som no får midlar har alle potensiale for å verte realiserte, seier Odd Reitevold, prosjektkoordinator for FORNY2020-programmet til Forskningsrådet.no.

I alt 49 prosjekt søkte om midlar frå programmet.

Prosjekta har vorte underlagt ei fagleg vurdering, med totalt 41 involverte ekspertar. Mellom tre og fem ekspertar har vurdert kvar søknad.

Prosjekta som er innstilt til å få verfiseringsmidlar finn du her.

 

Powered by Labrador CMS