Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Norske universitet må handle raskt om dei skal få til eit samarbeid med dei beste utdanningsinstitusjonane i Kina. Det er oppmodinga frå den norske ambassadøren i Beijing. Mandag samla ein del av kinaforskarane ved UiB seg for å meisle ut ein strategi.
Mange vestlege utdanningsinstitusjonar bankar på dørene til dei beste kinesiske universiteta for tida - og utvekslinga mellom Kina og Vesten er sterkt aukande. Norsk UD har sendt eit brev til norske utdanningsinsitusjonar der dei oppmodar om at ein må handle raskt om ein vil ha gode samarbeidsavtaler – og deltakarane på møtet var einige om at UiB snarast må få samla kreftene slik at dei ulike fagområda som kvar for seg har kontaktar i Kina kan dra nytte av kvarandre. Mange av kontaktane som fins i dag er med universitet i Shanghai. - Truleg vil det komme eit norsk program på Kina, slik det allereie er på Sør-Afrika. Interessa for Kina er stor blant faglærarar og studentar, men førebels er det ikkje særleg pengar i dette, seier Jan Petter Myklebust direktør ved Internasjonalt Kontor, UiB. Trass i at dei formaliserte samarbeidsavtalene mellom UiB og kinesiske universitet er små – er det likevel samarbeid på svært mange fagområde. På Sam.pol har snart tjue hovudfagsstudentar skrive oppgåve om kinesisk politikk, og mange har hatt studentopphald ved Fudan-universitetet i Shanghai. Fleire UiB-professorar, mellom anna Gunnar Skirbekk, har samarbeidd tett med East China Normal Universitiy, på Marco Polo-programmet, noko som har resultert i fleire doktorgrader i filosofi. Skirbekk har også fått oversett fleire lærebøker i filosofi til kinesisk.
- Vi som har forskings- og undervisningssamarbeid med Kina har mykje å hente på å samle oss. Vi vil prøve å bidra til ein samla strategi for korleis UiB kan utvide og styrke samarbeidet med Kina, seier Torstein Hjellum, frå Institutt for samanliknande politikk.
Saman med Gunnar Skirbekk, frå Hf-fakultetet hadde han tatt initiativ til eit møte der filosofar, geografar, statsvitarar og sosialantropologar som samarbeider med kinesiske universitet kom saman.
Til stades på møtet var også gjester frå fleire universitet i Shanghai, mellom anna rektor ved East China Normal University, Zhang Jishun. Dei kinesiske akademikarane har allereie ei rekke samarbeidsavtaler med amerikanske og europeiske universitet. Dei gjestar Noreg som del av ei rundreise til fleire land i Europa, deriblant Frankrike og Tyskland.
Brev frå UD
- Noko av det vi må vurdere er om vi skal satse på desse universiteta i Shanghai, eller om vi skal satse breiare, sa Torstein Hjellum.
Dei kinesiske gjestane som var i Bergen denne veka ønskjer norske initiativ velkomen og vil ha fleire samarbeidsavtaler.
- UiB er eit universitetet vi gjerne vil samarbeide tettare med. Vi ønskjer utveksling av både faglærarar, studentar og samarbeid om forskingsprosjekt, sa Zhang Jishun til På Høyden etter møtet.
Trur på Kina-program
Han framheld at Kina er eit spennande samarbeidsland for norske universitet. Det fins god forsking og forskarar på ei rekke fagområde. Det er imidlertid nokre skjer i sjøen, til dømes er det få kinesiske universitet som har undervisning og studieprogram på engelsk. I tillegg er det eit problem at kinesarane er svært instrumentelle, og smartare enn oss.
- Dei er særskilt interesserte i forsking på ny teknologi – og vi kan risikere at dei strippar oss for forskingsresultat og tek dei beste forskarane, seier Jan Petter Myklebust. Han meiner dei som er involvert i Kina ved UiB har gjort ein god jobb – og at fleire fagmiljø har vore tidleg ute med dette samarbeidet.
Mange UiB-forskarar i Kina
Institutt for sosialantropologi samarbeider med Fudan-universitetet i Shanghai om ei Master of Philosophy-grad – og legg opp til at norske og kinesiske studentar skal jobbe svært tett i lag. Institutt for geografi fortalde på møtet mandag at dei har tatt initiativ til eit program der studentar kan reise til Kina og studere eksport av norsk fisk til den kinesiske marknaden. Geografistudentane skal delta i kurs ved Fudan-universitetet.
I tillegg til dei som var på møtet samarbeider mellom anna medisinarar, kjemikarar, botanikarar geologar og meteorologar ved UiB med kinesisiske universitet. Nansensenteret som er knytt til UiB opna nyss eit senter i Beijing.