Tok grunnfag - heilt utan grunn

Publisert

Eldbjørg Gunnarson (57) er konsulent ved Unifobavdelinga Aksis. Ho har nett tatt eksamen i grunnfag i nettspansk - som ein av studentane i første kull på nettet. Berre fordi ho hadde lyst.

– Treng dei kontortilsette ved UiB å gjere seg forstått på spansk no for tida?

– Nei der klarer eg meg godt med Radøydialekt. Eg hadde ikkje nokon annan grunn for å melde meg på enn at eg trong litt ny inspirasjon og hadde lyst til å byrje på noko som var berre til gode for meg sjølv. Dessutan trengte eg eit alibi for å seie nei takk til tillitsverv, seier Gunnarson. Ho er aktiv i ungdomslag og Kvinne og familieforbundet, noko som tek mykje tid.

Då er det godt ein kan slappe av med å ta eit grunnfag i tillegg til jobben. Nettstudiet, som har gått på deltid over to år, har nettoverførte forelesningar på kveldstid.

På kollokvie med studentar i Latin Amerika

–Korleis har det vore å berre møte medstudentar på nettet?

– Eg hadde ikkje trudd at nettundervisning skulle vere så sosialt og spennande. Det har vorte lite TV-titting i det siste,men eg har hatt det veldig artig. Å venne seg til å chatte på nettet har vore ein interessant og ny opplevelse, seier spanskstudenten.

Kursdeltakarane har i tillegg hatt nokre helgesamlingar og eit to vekers opphald i spanske Granada, elles har dei utelukkande møttest på nettet.

– Vi har hatt kolllokviegruppe på nettet og chatta i veg inne i Lingo, som er eit slags møterom for språkstudier på nettet. Medan vi leste til eksamen har vi hatt ei såkalla crash-studie, med felles repetisjon. På nettet sjølvsagt, fortel Gunnarson.

Med nettet som møteplass har studentar site så langt frå kvarandre som India, Chile, Bolivia og Argentina - og sjølvsagt diverse fjerntliggande fjordar og bygder i Noreg. Spanskundervisning på høgare nivå finn ein elles berre ved universiteta i Bergen og Oslo.


Skal ikkje kjøpe hus i Spania

Å studere på halv tid krev mykje sjølvdisiplin, og sjølv om Eldbjørg Gunnarson har trivdes med kurset så har det og krevd si kvinne å rekke over pensum.

– Det var litt tøffare enn eg hadde trudd, sjølv om vi fekk svært god hjelp og kurskoordinatoren, Åse Johnsen var svært motiverande. Men eg nøyer meg med eit konversasjonskurs ved Friundervisninga neste semester seier ho med eit smil.

– Kvifor valde du å studere akkurat spansk?

– Eg hadde tatt ein del spanskkurs tidlegare ved friundervisninga, og eg har tatt spansk på gymnas. Mange spør om eg skal kjøpe hus i Spania når eg blir pensjonist, men det har eg ingen planar om. Derimot kunne eg godt tenke meg å reise i Latin-Amerika, men førebels nøyer eg meg med å lese El Pais med ujamne mellomrom, seier Gunnarson som anbefaler nettspansk til alle.


Underviser i film og fotball

Åse Johnsen, førsteamanuensis ved Seksjon for spansk språk og latinamerikansk, Romansk institutt har koordinert nettspansk. Ho er svært nøgd med gjennomføringa av det første kurset.

– Det som er spesielt med dette kurset er at det er nesten hundre prosent nettbasert - og det har fungert kjempebra, seier Johnsen som stadfester at det er også kan være ganske sosialt på nettet. I det nye opplegget skal dei gå heilt bort frå helgesamlinger, der deltakinga ikkje alltid har vore så god, men dei som er ansvarlege for kurset vil fortsetje med studieturen til Granada.

– Tanken er at når ikkje studentane får så mykje muntleg trening over nettet skal vi kompensere for det med eit to veks opphald i Spania, men eigentleg er dette eit Latin-Amerika studium. Vi fokuserer på Latin-amerikanske tilhøve, kultur, litteratur og samfunn.

– Vi går også nye vegar i undervisninga og prøver å gjere den meir tverrfagleg. På Nettspansk har vi under kultur og samfunn-modulen mellom anna brukt film og fotball som inngangsport til Latin-amerikansk samfunn og kultur. .

– Spansk er veldig i vinden for tida, faktisk over heile verda. Dette skuldast nok mellom anna at spansk og latinamerikansk mat, kultur og musikk står sterkt, avsluttar Åse Johnsen, som leier ei ny gruppe som er halvvegs i sitt to-årige deltidsstudium, og enda ei gruppe tek til i januar. No med modular etter ny modell.

Powered by Labrador CMS