Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
For sitt arbeid med den klassiske greske romanen blir Tomas Hägg i dag utnemnd til æresdoktor ved universitetet i Aten.
– For ein klassikar som meg er det ei særskild stor ære å bli æresdoktor ved universitetet som har vore sentrum for lærdom og sjølve byrjinga for universitetsutdanning i antikken, seier Tomas Hägg.
Sidan 1960-talet har Hägg forska på ulike område av gresk litteratur, både frå antikken og bysantinsk tid. Særskilt har han studert den greske romanen i antikken. Han tok doktorgrad i Uppsala i 1971 på forteljarteknikken i dei greske romanane, Narrative Technique in Ancient Greek Romances, og har sidan utgitt ei rekke bøker og artiklar om den greske romanen.
I følgje greskfilologen er desse romanane frå tida rundt Kristi fødsel ein understudert sjanger, som har vore møtt med langt mindre interesse enn dei store antikke sjangrar, epikk, dramatikk og lyrikk. Men i de siste ti åra har dei kome meir i fokus.
Professoren trur han får utmerkinga frå universitetet i Aten blant annet som følgje av at hans introduksjon til dei antikke romanane, The Novel in Antiquity, som kom på engelsk i 1983, vart omsett til moderne gresk og blir nytta som pensumbok for greske studentar.
Desse enkle prosatekstane handlar om kjærleik og reiser. Eit ungt, elskande par blir skilt av skjebna. Dei reiser rundt i Middelhavets verd, der dei mellom anna lider skibbrudd, blir fanget av piratar, blir korsfest eller levende begravet, men sidan treff kvarandre att og lever lukkeleg til sine dagars ende.
Dei mest kjende av dei fem greske romanane er Longus, ”Dafnis og Khloe”. Den fins også i norsk omsetjing. Hägg har den siste tida jobba mykje med rekonstruksjon av ein anna roman, ”Parthenope”, som er overlevert kun i fragmentar. Dette arbeid resulterte i 2003 i boka ”The Virgin and her Lover: Fragments of an ancient Greek novel and a Persian epic poem” (utgjeve sammen med Bo Utas, professor i iranske språk ved Uppsala Universitet).
Med sitt svært enkle plott står desse romanane likevel ifølgje Hägg på eit høgere litterært nivå enn dagens triviallitteratur. Dei gjev eit unikt innblikk i antikk mentalitet, og eit nyttig korrektiv til det biletet av antikkens menneske som vi får frå filosofar og diktarar. I tillegg er dei altså dei eldste romanane innanfor vestleg tradisjon.
Sist haust vart Tomas Hägg for øvrig heidra med eit festskrift utgitt av to kolleger ved Institutt for klassisk filologi, russisk og religionsvitskap, Lars Boje Mortensen og Tormod Eide