Fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet vart tidlegare denne veka orienterte om prosessen med å søkja om toppforskingsmidlar. Tilbakemeldinga frå styret var at måten dette var gjort på, verka forhasta. Dekanane peikar òg på at det har gått fort i svingane. Foto: Hilde Kristin Strand

Rask prosess for å finna dei beste

Publisert

Dekanane hadde tolv dagar på seg til å finna dei beste kandidatane. Toppforsk-midlane frå regjeringa må brukast i år.

UiB fekk lagt 13,7 millionar kroner til ramma for 2015 frå Stortinget. Desse pengane skal gå til sterke forskingsmiljø. Men kven som skal få pengane, er endå ikkje avklart. For eit par veker sidan fekk dekanane beskjed om at dei måtte koma med forslag til kandidatar. Kriteria var at kandidatane skal vera internasjonalt leiande.

– Me skal tilsetja toppforskarar, og ønskjer at dei skal bygga eit miljø rundt seg, seier rektor Dag Rune Olsen.

I tillegg til midlane som Stortinget har løyva, har Bergen forskningsstiftelse (BFS) kome med tilbod om å gå inn med like mykje pengar.

Vil verta kalla til stilling
I utgangspunktet var bestillinga til dekanane at dei skulle finna miljø der UiB allereie helst har eit Senter for framifrå forsking eller eit ERC-stipend i botn.

– Prosessen i år har vore heilt eksepsjonell. Dersom me ikkje får desse pengane i arbeid, vil me ikkje kunne overføra dei. Dette er pengar som vert lagt til ramma me får frå staten, så det er pengar me vil kunne få kvart år framover, seier rektor Dag Rune Olsen.

I tillegg til dei 13,7, som altså er lagt inn i ramma, vil UiB kunne få meir pengar til same formål neste år. Kor stor den løyvinga vert, vil vera avhengig av kor mange EU-midlar UiB hentar heim.

Olsen lovar at det vert ein meir ryddig prosess neste gong, og seier at ein då skal ha ei skikkeleg utlysing.

– Men me hadde ikkje høve til det denne gongen. Det vert universitetsleiinga som kjem til å velja kven som får desse pengane, me vil ikkje ha tid til å fremja ei eiga sak for styret om dette.

Kandidatane kjem truleg til å verta kalla til stilling ved UiB.

– Fort i svingane
– Kva gjer ein dekan når ein får denne beskjeden, spurte HF-dekan Margareth Haga då ho orienterte om saka i fakultetsstyremøtet tidlegare i veka.

– Me har vore usikre på korleis tildelinga internt ved UiB ville verta lagt opp. Då me fekk klarsignal til å gå i gang med søkeprosessen, hadde me tolv dagar på å koma opp med forslag til kandidatar. Det er kort tid, men me kom likevel greitt i mål, seier psykologi-dekan Jarle Eid.

– I framtida håpar eg det vert ein open prosess med ekstern vurdering av kandidatar, seier MOF-dekan Nina Langeland, som òg seier at prosessen har vore prega av hastverk, men at ho forstår at rektor har hatt dårleg tid dette første året.

– Det har gått fort i svingane, seier mat.nat-dekan Helge Dahle.

Han òg seier at han reknar med at det vert ein tydelegare prosess neste gong.

Tre frå mat.nat
Hagen fortalte i fakultetsstyremøtet om korleis ho tenkte for å finna den rette kandidaten.

– Kor er det me har hatt SFF og ERC, og kor kan det passa med kalling? Og kor kan ein forsvara ei tilsetjing ut frå bemanningsplanen? Desse pengane kjem utanom ramma, men eg tenkte at det uansett er bra at det passar til planen, sa Hagen.

Ho sa at ho etter samtale med instituttleiarane hadde hamna på å spela inn forslag om Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap og mellomaldermiljøet der.

Langeland seier at Det medisinsk-odontologiske fakultetet har spelt inn ein svært god kandidat, som UiB er heldige dersom ein får tak i. Mat.nat har spelt inn tre miljø; Sars-senteret og algoritmegruppa ved Institutt for informatikk, og psykologi har kome med forslag til to kandidatar knytt til Institutt for biologisk og medisinsk psykologi og fMRI-gruppa. Denne gruppa har både ein ERC og er med i ein SFF. På Høyden har ikkje fått svar frå dekanane ved SV og juss.

– Veit ein at kandidatane ein finn vil koma til Bergen?

– Dei me har identifisert er begge opne for ein vidare karriere ved UiB og er klare til å gå i dialog om kontrakt og rammevilkår. Dei aktuelle forskarane er både tiltrekt av forskingsinfrastrukturen i form av avanserte scannarar og infrastruktur ved Haukeland universitetssjukehus og eit sterkt fagmiljø ved UiB, seier Eid.

Han seier at alt tyder på at toppforskingsmidlane vil kunne verta viktige for å styrka framifrå forskingsmiljø og UiB sin posisjon internasjonalt, og at ein no har eit godt utgangspunkt for å gå vidare.

Rektor seier at midlane vil verta delt mellom to eller tre kandidatar. Men sidan det ikkje er sikkert at alle ein ønskjer seg vil flytta til Bergen, meiner han at ein må plukka ut nokre fleire ut frå dekanane sine forslag.

– Me må syta føre at me har eit så godt tilbod at me kjem først i køen. Forskarane me snakkar om her, er svært attraktive. Eg trur det er viktig at me ikkje legg alle egga i ei korg, seier Olsen.

Powered by Labrador CMS