Tragedie og mirakel

Publisert

Liu Zheng var berre nokre få dagar unna ferdige masterstudium i biofysikk då han vart utsett for ei bilulukke ved Fantoft studentby i januar 2000. I 35 dagar vart han liggjande i koma. No skal eit tv-program om Liu sendast på kinesisk tv.

Sundag 11. januar i år deltok Liu saman med far sin, ein lege og fleire vener i eit studio-opptak ved Formidlingsavdelinga. Her brukte ein avdelinga sitt virtuelle studio til å inkludere bakgrunnsbilete frå Bergen, og ein videokonferanse med familie og vener av Liu i Kina. Saka skal sendast på kinesisk tv i samband med nyttårsfeiringa 22. januar.

I januar 2000 vart Liu Zheng køyrt ned i ein fotgjengerovergang på Fantoft. Då var han ein framifrå student som drøymde om doktorgradsstudium ved eit toppuniversitet i USA. Legane gav han i byrjinga ein fem prosents sjanse til å vakne frå koma. Men takka vere viljestyrken og innsatsen hos både Liu sjølv og far hans, kan han i dag gå, og han har også lært seg norsk i tida etter ulukka. Far til Liu sa opp jobben sin heime i Kina og kom til Bergen for å hjelpe sonen. No bur dei begge på Fantoft studentby. Liu er framleis fysisk handikappa, og har problem med minnet etter ulukka. Men han har gjort større framskritt enn nokon kunne vone, og no skal den mirakuløse prosessen altså visast på tv heime i Kina.

Powered by Labrador CMS