Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Etter at ei kvinne skal ha blitt utsett for eit seksuelt overgrep i HF-bygget i går kveld, aukar Universitetet i Bergen sikringa av sine bygg på Nygårdshøyden.
Overgrepet skal ha funnet sted på eitt av herretoaletta på hf-fakultetet, i 1. etasje i HF-bygget.Kvinna skal ha blitt angripen ved 19.15-tida tirsdag kveld. Kvinna er ikkje tilknytt UiB og skulle ikkje ha opphald i bygningen då overgrepet skjedde. Det er uklart om det dreier seg om valdtekt eller eit valdtektsforsøk. Alle studenter som var i bygninga da overgrepet skal ha skjedd, vart bedne om å melde seg for politiet, ifølge Studvest.
Politiet ønskjer ikkje å kommentere saka til På Høyden, men etter det vi erfarer er det ikkje grunn til auka frykt blant studentar og tilsette som ferdast på Nygårdshøyden.
Universitetsdirektør Kåre Rommetveit seier at saka ikkje er meld til politiet og at det derfor er vanskeleg å ha noko formeining om kva som eigentleg har skjedd. Leiinga ved UiB ser likevel svært alvorleg på saka og ifølgje Rommetveit reiser slike hendingar spørsmål om sikring av universitetet sine bygningar.
– Etter at Studentsentret stengte har vi hatt auka problem med personar som prøver å komme seg inn i våre bygg utan å ha noko der å gjere. Vi vil allereie frå i dag ha auka synleg tilsyn av Securitas-vakter. Når det gjeld langsiktige sikringstiltak har vi snart gjennomført eit opplegg der ein stenger alle bygg og brukar kort for å komme inn. I løpet av våren vil vi også sette oss ned å vurdere stenging av bygg til ulike tidspunkt, avsluttar Kåre Rommetveit.