Tre nye laboratorium for hjarte

Publisert

Onsdag 11. mai vart dei nye laboratoria innan angiografi, elektrofysiologi og pacemakerbehandling opna på Haukeland Universitetssykehus.

- Desse nye laboratoria vil føre til ein betre kvardag for pasientane våre, sa administrerande direktør Anne Kverneland Bogsnes under opninga.

Hjarteavdelinga tar årleg hand om 6.000 inneliggjande pasientar og har 12.000 polikliniske konsultasjonar. Avdelinga har regionsansvar for hjartekirurgi og utblokking av hjartepulsårene og fleirregionalt ansvar for hjarterytmeproblem. Dei har lang tradisjon innanfor pacemakerforsking, og har spisskompetanse innanfor pacemakerbehandling ved hjartesvikt.

- Nytt utstyr har også gitt oss mogelegheit til å drive med avansert forsking. Den nye generasjon har hatt stor framgang, og fått ein rekkje priser for beste vitskaplege arbeid, sa professor ved institutt for indremedisin Ole-Jørgen Ohm og roste fleire av dei tilsette ved hjarteavdelinga då dei nye laboratoria vart opna onsdag.

Laboratoria på Haukeland Universitetssykehus innan angiografi, elektrofysiologi og pacemakerbehandling har flest behandlingsprosedyrer i Norge på sine felt, og dei er også mellom dei største i Skandinavia.

Powered by Labrador CMS