Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I 1979 var det 400.000 kvadratkilometer is i Barentshavet. No er berre halvparten att. Men endringane skuldast ikkje klimaendringar åleine.
På 1930-talet var det høge temperaturar både i havet og i lufta. På 1970-talet var det kaldt, og difor store mengder is i Barentshavet. No er temperaturen høgare att. Skuldast dette menneskeskapte klimaendringar? Ikkje berre, seier forskar Lars Henrik Smedsrud. I samband med Bjerknessenteret si tiårsmarkering hadde han i går føredrag om Barentshavet si rolle. Smedsrud er forskar ved Bjerknessenteret, og forskar i hovudsak på polar oseanografi. Delvis naturlege endringar – Variasjonar i kor mykje vatn som strøymer inn i Barentshavet gjer at temperaturen i havet endrar seg. Me ser at det er om lag eit års forseinking frå endringa i innstrøyminga til ein ser ei endring i isen, forklarer Smedsrud vidare. Han seier at endringane er enorme Nærmar seg kaldare periode – Me har ikkje gode data frå 1930-åra. Sidan 1998 har det vorte gjennomført ein lang klimamodellkjøring, og me har gode målingar fråd ei siste om lag 30 åra, seier Smedsrud. Sjølv om ein truleg er på veg inn i ein kaldare periode, kan Barentshavet koma til å vera heilt fritt for is om ikkje altfor mange år. Forskarane trur at all isen kan vera vekke i 2050. Allereie no er isen halvert i forhold til kva han var i 1979. Då var halve Barentshavet, altså 400.000 kvadratkilometer, dekka av is. I 1866 var det endå meir, då strekte islaget seg nesten heilt til Finnmark. I mars 2006 var det berre 200.000 kvadratkilometer is att, og i september året etter hadde isen krympa endå meir. Ismengden ein såg då, er den minste ein har målt. Lars Henrik Smedrud (til høgre)har leia gruppa som har sett på Barentshavet si rolle. Her får han hjelp av førsteamanuensis Tor Eldevik til å henga opp plakaten som viser korleis ismengda endrar seg. Foto: Hilde Kristin Strand
– Barentshavet er viktig dersom ein vil forstå temperaturvariasjonar og isvariasjonar. Me har funne at det er ein god samanheng, seier Smedsrud.
– Me trur på global oppvarming. Men endringane er svært store, og kan ikkje berre forklarast med global oppvarming. Men kanskje er endringane ekstra store på grunn av den globale oppvarminga, seier Smedsvik.
Forskarane trur no at ein går inn i ein periode der mindre vatn strøymer inn til Barnetshavet. Det gir kaldare vatn, og slik meir is.