Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det er ikkje slik at ein kan rekna med å vera lukkeleg heile tida, seier professor Åsa Hammar og førsteamanuensis Astrid Louise Grasdal.
18 prosent av oss kjem til å verta råka av ein alvorleg depresjon i løpet av livet. Men det er dobbelt så mange kvinner som menn som vert råka. Og har ein først fått ein depresjonsdiagnose, er det femti prosent sjanse for å få eit tilbakefall og få ein ny depresjon. – Depresjon er no ein folkesjukdom. WHO seier at talet på menneske som lir av depresjon aukar, og vil vera på nivå med talet på dei som får hjarte- og karsjukdommar, seier Åsa Hammar. Ho er professor ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi. Mange kjenner på symptoma – Noko av årsaka kan vera at ein er flinkare til å diagnostisera. Før sa ein gjerne at nokre hadde svake nervar, eller var tungsindige. Ein jobba gjerne på gard, og at nokon i periodar låg mykje på sofaen og ikkje orka så mykje, var berre slik det var, held Hammar fram. Sjukefråveret i Noreg i andre kvartal i år var 6,4 prosent. – I Noreg har me høge krav til produktivitet. Det heng saman med at me har høg løn. Men for dei som ikkje klarar å henga med vert det vanskeleg. Og for å verta sjukmeld, treng dei ein diagnose. Det seier Astrid Louise Grasdal, som er førsteamanuensis ved Institutt for økonomi. Ho meiner at i tillegg til at det er fleire som faktisk får depresjon, ser ein òg ei medikalisering av kvardagsproblem – fordi ein treng ei sjukmelding. – Ein kan spørja seg om normene for når ein vert sjukmeld har endra seg. Ein ser at sjukmeldingsperiodane når til opplever til dømes skilsmisse eller død i nær familie er lenger no enn for tjue år sidan, seier Grasdal. – Symptoma på ein depresjon er noko mange kan kjenna seg att i. Depresjon er kjenneteikna ved fråver av glede. Men samstundes er det viktig å tenkja på at dersom ein til dømes misser ektefellen sin, er det heilt normalt å sørga og det er heilt normalt å sova dårleg ein periode, understrekar Hammar. Det er hektisk å ha små born og vera i full jobb. Og det er fleire enn før som får diagnosen deprimert. Men forskarane Åsa Hammar og Astrid Louise Grasdal er ikkje sikre på om alle som får diagnosen burde hatt han. Foto: Hilde Kristin Strand Små barn=sjukmeld – Det er ein større del av unge kvinner med små barn som er i full jobb no enn for tjue år sidan. Sjukmeldingane aukar parallelt, seier Grasdal. Samstundes aukar òg talet på unge kvinner som vert uføre. – Av og til lurer eg på om noko handlar om at me vil redusera det ubehaget barna våre kan koma til å oppleva. Eg oppdaga at eg òg var i ferd med å legga litt vel mykje til rette for studentane mine – eigentleg hadde eg lyst å gi dei eksamensoppgåva på førehand, humrar Hammar. Ho legg til: – Dersom ein ikkje opplever ubehag, vert ein sendt ut i verda utan å vera orientert om røyndommen. Det å møte motstand er ein del av livet. – Fastlegen min har eit skilt på døra der det står at «ingen er lykkelig i enhver henseende». Det synest eg er eit godt sitat, seier Grasdal. Karensdagar hos naboen – Ein ser at andre vert sjukmelde, og nokre kan nok då tenkja at ein sjølv òg har det så ille at ein bør få ei sjukmelding. Dessutan er det nok ikkje usannsynleg at nokre kvinner med små barn har det mindre travelt med å koma attende i jobb etter sjukdom enn dei kunne. Dei får høve til å henta seg litt inn, og i tillegg gjort litt heime. Kanskje opplever dei at heile familien er meir harmonisk om dei har nokre dagar der dei ikkje er på jobb, seier Grasdal.
Men kvifor er det slik?
Grasdal har tidlegare publisert forskning som viser at faren for at kvinner med små barn vert sjukmeld er stor. Ho har tatt til orde for at legane kan vera flinkare til å tilrå deltid i ein periode – og fått kjeft for det.
Hammar er svensk. Ho fortel at i heimlandet får ein ikkje lenger løn dei første dagane er er vekke frå jobb. Dette er gjort for å få ned korttidsfråveret.