Trur innstegsstillingar vil gi fleire kvinner

Publisert

– Med innstegsstillingar kan ein få eit meir føreseieleg karriereløp. Det kan gi fleire kvinner i akademia, meiner Inga Berre, som leiar likestillingskomiteen.

Talet på dei som tek doktorgrader aukar. Men det er ein stadig mindre del av dei som tek ei slik grad som faktisk vert verande i akademia. Samstundes vert professorane stadig eldre.

300 såkalla innstegsstillingar skal vera med på å bøta på dette. Då statsminister Jens Stoltenberg og kunnskapsminister Kristin Halvorsen la fram den ferske forskingsmeldinga for halvanna veke sidan, trekte begge fram at ein må få fleire kvinner til å verta verande i akademia.

– Det er lovande at kvinnene har gått forbi mennene når det gjeld doktorgrader. Men me er langt frå der me skal vera, sa Stoltenberg.

– Alternativ veg
Halvorsen sa under presentasjonen at ei slik ordning nettopp vil kunne vera attraktiv for kvinner.

– Mange meiner at dagens situasjon med korte tilsetjingforhold fører til at mange talentfulle kvinner hoppar av ein karriere som forskar. Ordninga vil bidra til å gjera ein forskarkarriere meir føreseieleg, og slik òg meir attraktiv for kvinner, utdjupar Dino Prohic, kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet.

Inga Berre, som leiar likestillingskomiteen ved UiB, er samd.

– Problemet i dag er at ein ikkje er kvalifisert for fast stilling etter å ha vore ph.d. og postdok, og kan verta gåande i mellombelse stillingar i fleire år. Slike innstegsstillingar kan vera ein alternativ veg inn i akademia, og ein kan få eit meir føreseieleg karriereløp, seier Berre.

Ho seier at tidspunktet der mange kvinner etablerer seg og får barn, fell saman med den viktige perioden ein skal kvalifisera seg for fast stilling.

– Mange kvinner vel vekk det som ikkje er føreseieleg. Tryggleik i arbeidssituasjonen er gjerne opplevd som endå viktigare for kvinner enn for menn, trur Berre.

Rektor og rektorkandidatar er samde
Ho får støtte frå dei to rektorkandidatane. Både Dag Rune Olsen og Kuvvet Atakan peikar nettopp på at ein jobbsituasjon som vil vera føreseieleg kan gjera sitt til at kvinner vert verande i akademia.

– Slik vil slike stillingar òg vera eit viktig tiltak for å betra kjønnsbalansen, meiner Olsen.

Òg sitjande rektor Sigmund Grønmo ønskjer innstegsstillingar velkomne.

I første omgang skal det opprettast 300 slike stillingar. Kunnskapsdepartementet seier at både korleis desse skal delast mellom universiteta og kva som skal krevjast av søkkjarane er noko som skal greiast ut. Men det som allereie no er bestemt, er at stillingane i første omgang vil vera knytta til dei matematisk-naturvitskapelege faga, teknologi, medisin og odontologi.

– At det er dei mest mannstunge faga som får slike stillingar først kan slå uheldig ut for kvinner, meiner Inga Berre.

Ho meiner ordninga er så god at ho kan brukast innan fleire fagfelt. Men ho er oppteken av at det må vera eit krav om at for å få slike stillingar, kan det ikkje ha gått altfor mange år etter doktorgradsdisputas.

– Det må verta ein faktisk karriereveg. Det er difor eit naturleg premiss at det ikkje kan ha gått altfor mange år, eg tenkjer at til dømes maks fem år i arbeid etter doktorgrad kan vera passande. Viss ikkje vert det like vanskeleg å få desse stillingane som andre akademiske stillingar. Det er ikkje det som er poenget, seier Berre.

Dag Rune Olsen er samd:

– Dette må bli stillingar for forskartalent med stort potensial utan at ein treng ha den lengste publikasjonslista, seier han, og legg til at Team Olsen òg vil arbeida for innstegsstillingar innan dei humanistiske og samfunnsvitskapelege faga.

Meiner fire år er passeleg lengde
Innstegsstillingar kjenner ein frå mellom anna USA, då som såkalla «tenure track». Ein vert tilsett for ein periode, og vert evaluert undervegs. Dersom ein oppfyller krava, får ein fast stilling når engasjementet vert avslutta.

– Eg har tru på dette. Ein slik type stilling vil ha tydelege rammer. Det vil vera krav og mål knytta til stillingane, men kandidatane vil òg få oppfølging undervegs, seier Berre.

Atakan meiner at fire år er ein passande tidshorisont for innstegsstillingar.

– I løpet av perioden må det vera mekanismar for evaluering av kandidatane si utvikling, meiner Atakan.

Powered by Labrador CMS