Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB-leiinga møter i dag politiet i Bergen for å gå gjennom planane for dei mange arrangementa i samband med studiestart. Bombealarmen i Oslo er truleg òg eit tema dei vil ta opp.
– Vi skal i møte med politiet i ettermiddag, men dette møtet er planlagd lang tid på førehand, fortel universitetsdirektør Kjell Bernstrøm til På Høyden.
Målet med møtet er å gå gjennom dei mange arrangementa som skal foregå ved UiB dei neste vekene: Fadderaktivitetar, immatrikulering og opningsveke for den nye aulaen, mellom anna.
Den falske bomba som blei funnen mellom fysikk- og kjemibygget ved Universitetet i Oslo i morges har òg vore diskutert på eit internt møte ved UiB i dag, men leiinga har ikkje funne nokon grunn til å justere tryggleiksnivået.
– Men det er sjølvsagt muleg at politiet vil komme med ei ny trusselvurdering, seier Bernstrøm.
Det har vore ein viss aktivitet med politihundar på Nygårdshøyden i dag, men desse skal så langt Bernstrøm kjenner til ha leita etter narkotika, ikkje bomber.
Beredskapsleiinga ved UiB har òg tett kontakt med Nokas, som står for vakthaldet ved UiB. Vektaren som blei skoten, men berre lettare skadd på Blindern i natt, er og tilsett i Nokas.