Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
LEIAR: Prosessen har vore til lita nytte om ikkje det akademiske miljøet og leiinga ved UiB har lært noko av saka, skriv ansvarleg redaktør Dag Hellesund om Lunde-saka.
I desember 1994 fekk Ingunn Lunde løn frå UiB for første gong. Nær 18 år seinare har ho endeleg fått fast jobb. Vi gratulerer henne med jobben, og UiB med endeleg å ha kome til ei avgjerd i saka. Men prosessen har vore til lita nytte om ikkje det akademiske miljøet og leiinga ved UiB har lært noko av saka. For dei av oss med bakgrunn frå det private næringslivet er det ein overgang å jobbe på universitetet. Kunnskapen, iveren og engasjementet er stort. Men når det gjeld mellombels tilsette er inntrykket heller negativt. Lunde-saka og andre einskildskjebner teiknar eit bilete av ein ukultur, der yngre forskarar og undervisarar må jobbe i mellombelse stillingar. Ofte skjer dette fordi prosjekta er eksternfinansierte og pengestraumen difor er av mellombels karakter, eller ein har andre grunnar for å bruke mellombels tilsette. Universitets- og høgskolelova og Tenestemannslova opnar for mellombels tilsette i større grad enn kva ein har høve til i privat sektor. Det framstår i beste fall som underleg at staten tillet seg sjølv å bruke mellombels arbeidskraft i tilfelle der det hadde vore forbode for eit privat selskap. I 2010 blei ei arbeidsgruppe sett ned av Kunnskapsdepartementet, for å finne ut kva som kan gjerast med den alt for store andelen av mellombels tilsette i universitets- og høgskulesektoren. Sektoren låg då dobbelt så høgt som landsgjennomsnittet når det gjeld mellombels tilsetting, sjølv når ein tek ut stipendiatstillingar og postdoktorar. UiB var ein av institusjonane der det blei gjennomført ei spørjeundersøking til utvalsarbeidet. Funna til arbeidsgruppa var nedslåande, og tilrådingane mange: - Institusjonane bør gjennomføre kontroll og opprydding, og gi opplæring i reglane som gjeld for tilsetting. - Undervisningspersonale bør tilsetjast fast, i tråd med lova. Det same gjeld støttepersonale på eksternt finansierte prosjekt, samt forskarar når prosjekta har ei tidsramme på meir enn fire år. - Kunnskapsdepartementet bør følgje opp arbeidet kvart år, og lover og føreskrifter bør innskjerpast eller presiserast. Arbeidsgruppa poengterer og at ein større bruk av fast tilsetjing og vil kunne føre til at fleire må seiast opp frå statlege verksemder. På Høyden vil òg i framtida ta opp saker som gjeld mellombels tilsette, og følgje opp arbeidet UiB gjer – eller ikkje gjer – på området. Den restriktive haldninga til mellombels tilsetjing i norsk arbeidsliv har bakgrunn i at det er ei belastning for den einskilde å heile tida vere i tvil om ein har jobb når ein prosjektperiode er over. Å sørgje for at alle som har krav på det får fast stilling kan bli ein tung, men naudsynt lærdom.