Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB markerer kvinnedagen i år med å spørje korleis norsk likestilling tek seg ut for kvinner med ein annan kulturell bakgrunn. Er alle eigentleg samde om kva likestilling er?
Årets 8. mars-arrangement finn stad i kantina i Stein Rokkans hus, og tek til klokka 19.00. Her vil det bli servert både kulturelle innslag og forfriskingar, i tillegg til panelsamtalen om likestillingslandet Noreg. Debatten skal også utfordre førestellinga om at nordmenn er verdsmeistrar i likestilling. Paneldeltakarane vil mellom anna få spørsmål om deira personlege opplevingar av norsk likestillingsproblematikk, om kva bilete dei har av kvinnerolla i dagens Noreg, og om korleis vi kan gå fram for å få eit meir inkluderande likestillingsomgrep.
– Meininga er å rette eit nytt blikk mot norsk likestillingspolitikk, seier Christine Jacobsen, som er stipendiat ved Institutt for sosialantropologi og skal vere ordstyrar for debatten.
– I Noreg er det ei veldig semje, alle er for likestilling. Vi vil sjå på korleis dette har ulike konsekvensar for ulike grupper kvinner. Kanskje er det ulike kampar som må kjempast på likestillingsområdet, og kanskje kjem nokre av desse kampane i konflikt med kvarandre. Vi vil bryte opp denne tradisjonelle, einskaplege forståinga av kva det vil seie å vere kvinne, fortel Jacobsen.
Skaut - frigjerande eller undertrykkjande?
I panelet vil det sitte kvinner med ulike typar bakgrunn. Meininga er å få til ein open samtale, og ikkje kome fram til noko rett svar, i følgje Hilde Danielsen. Ho er stipendiat ved Rokkansenteret og har vore med på å planleggje arrangementet.
– Det eg meiner er fundamentalt, er at kvinner er ulike, på same måten som menn er det. Difor er det ikkje uproblematisk å skulle formulere nokre grunnleggjande prinsipp om likestilling. Ein offentleg politikk som styrkar vilkåra for éi gruppe kvinner, kan på same tid svekke vilkåra for ei anna gruppe, seier ho, og brukar debatten om hovudplagg som døme.
– Nokre framstiller bruk av skaut som kvinneundertrykkjande, andre hevdar at det er frigjerande. Det illustrerer korleis ulike premiss fører til ulikt syn på kva som er frigjerande.