Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Det er fullstendig uakseptabelt dersom ein offentleg etat eller eit organ vil bruka forskingsresultat for å oppnå politiske mål, understreka forskingsminister Tora Aasland i ein debatt i Akademisk forum på UiO måndag kveld ifølge Uniforum.
– Det er fullstendig uakseptabelt dersom ein offentleg etat eller eit organ vil bruka forskingsresultat for å oppnå politiske mål, understreka forskingsminister Tora Aasland i ein debatt i Akademisk forum på UiO måndag kveld ifølge Uniforum. Diskusjonen i Akademisk forum tok utgangspunkt i Aftenpostens avsløringar av at enkelte departement og offentlege etatar hadde kravd å få endra konklusjonane i forskingsrapportar som dei hadde finansiert. Forskingsbasert politikk eller politisert forsking var temaet som forskingsminister Tora Aasland, medisinprofessor Lars Walløe frå UiO og forskar Nils Petter Gleditisch frå Fredsforskingsinstituttet difor var inviterte til å ha eit ordskifte om. – Forskinga skal ha truverd. Difor toler den ikkje slik manipulering som den blei utsett for i dei sakene som Aftenposten skreiv om i fjor haust. Det er grunnen til at me har bede Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) om å utarbeida klare retningslinjer der den akademiske fridomen må presiserast innanfor ramma til oppdraget. Det må frå byrjinga vera heilt klart om det er eit forskings- eller konsulentoppdrag, sa Aasland.