Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kva er det som gjer at nokre personar vert uføre? Og kvifor vert ikkje folk nødvendigvis friskare av å vere sjukmeldte? Ved å studere 40-åringar i Hordaland har stipendiat Inger Haukenes forsøkt å finne svar på dette.
Inger Haukenes er utdanna fysioterapeut, har hovudfag i filosofi, og har vore tilsett ved Haukeland Universitetssjukehus og Uni Research. (Foto: Ida Bergstrøm)
– Vi tek feil dersom vi trur at vi kan ta folk ut av jobb, behandle dei, og deretter sende dei tilbake i jobb, seier Inger Haukanes til På Høyden.
I stipendiatperioden har ho forska på kva faktorar som aukar risikoen for uførheit. Fredag disputerte ho med avhandlinga «Predictors of disability pension: the role of class, work and gender».
Siste stopp: Uføretrygd
– Det som er viktig å ha klart for seg når ein snakkar om helseproblem og uføretrygd, er at uførheit ikkje er ein diagnose i seg sjølv, men speglar ein vedvarande konflikt mellom helsa og arbeidet som skal utførast. Uføretrygd er ein endestasjon, der både sjukmelding og andre tiltak har blitt forsøkt, utan at personen har blitt frisk nok til å arbeide, seier Inger Haukenes.
Funna i studien er klare: Uførheit er ikkje tombola. Det er ikkje vilkårlig kven som vert uføretrygda. Nokre har høgare risiko for å oppleve at eiga helse hindrar dei frå å ta del i yrkeslivet.
Inger Haukenes har brukt informasjon frå Helseundersøkelsen i Hordaland (HUSK) som blei gjennomført på slutten av 1990-tallet. Den omfatta alle menn og kvinner i aldersgruppa 40 til 46 år som var busett i Hordaland. I arbeidet hennar blei HUSK kopla til register for uføretrygd.
– Dei som er mellom førti og femti år bidrar sterkt i yrkeslivet med både kompetanse og overskot. Eg har forska på kven det er som har ein høgare risiko for å verte uføretrygda, seier Inger Haukenes.
Ingen kan yte maks heile livet
– Gjennom eit heilt liv vil nesten alle ha plager eller komme i vanskelege livsituasjonar som gjer at ein ikkje fungerer optimalt på jobb. Det kan vere muskel -og skjelettplager, sjuke barn, økonomiproblem eller samlivsbrot. Har ein ikkje eit arbeidsliv som legg til rette for at ein som arbeidstakar ikkje alltid er på topp, vil det vere fleire som fell utanfor, seier ho.
– Vil ein at norske arbeidstakarar skal stå i arbeid til dei er 67 år, må ein akseptere at ein del menneske i periodar har 100 prosent jobb, men berre yter 60 prosent, seier Inger Haukenes.
Handlar om klasse
I Norge har alle personer mellom 18 og 67 år rett til uførepensjon dersom inntektsevna er varig redusert med minst 50 prosent på grunn av dårlig helse.
Inger Haukenes fann at risikoen for å verte uføretrygda hadde samanheng med kjønn, utdanning, yrke og posisjon i arbeidslivet.
– Fysisk krevjande arbeid, liten kontroll over eigen arbeidsdag, lav utdanning og posisjon i yrket er faktorar som ser ut til å verke sterkt inn på sannsynlegheita for at ei sjukmelding endar med permanent uføretrygd.
– Eg synest det er problematisk å snakke om klassar i 2013. Men vi ser at vi framleis har klassestrukturar i samfunnet, seier Inger Haukenes.
Kvinner dobbelt så høg risiko
Eit anna av funna til Inger Haukenes var at kvinner har dobbelt så høg risiko for å bli uføre som menn. Årsakene til dette kan vere samansette.
– Vi veit ikkje heilt kvifor det er slik. Andre studiar viser at kvinner vegrar seg mot å gå tilbake til jobb med smerter og plager. Det kan ha samanheng med at kvinner må velje å ha kapasitet til å ivareta hus og heim, litt uavhengig av helsa. I studien har vi ikkje kartlagt innverknaden frå heimesituasjonen, så her trengs det meir forsking.
– Norge har ein svært kjønnsdelt arbeidsmarknad. Kvinner går til jobbar med lågare løn og lågare status. Yrka dei tradisjonelt vel har også mindre fleksibilitet og kontroll for den enkelte. Høg kontroll gjer betre muligheit til å tilpasse arbeidet til helsa.
Høgstatusjobbar er fleksible
Vert ein som akademikar forkjøla, kan ein halde seg heime, og arbeide litt frå sofaen viss ein føler seg pigg nok. Får ein ryggproblem, kan ein forsøke å arbeide ved ein pult som kan hevast og seinkast. Den same fleksibiliteten manglar du dersom du arbeider på eit kjølelager, ein bilverkstad eller ein restaurant.
For personar som arbeider i høgstatusyrker er det altså lettare å halde fram i arbeidet sitt. Her kan ein i større grad tilpasse arbeidstid og arbeidsforhold etter personen sitt sjukdomsbilete.
– Ein har mykje å hente på å legge til rette, og å vere merksam tidleg. Dersom du er lenge vekke frå arbeidsplassen, aukar risikoen for at du aldri kjem tilbake. Ein fell utanfor arbeidsfellesskapet, og kan føle seg framandgjort overfor arbeidet.
– Alle vil ha ein jobb
Ho meiner at det er få personar som aktivt vel å bli uføretrygda framfor å jobbe.
– Eg mistenkeleggjer ikkje sjukmeldte eller uføretrygda. Utgangspunktet mitt er at alle vil ha ein jobb. At nokre har ein så tung jobb at dei ikkje maktar å gå tilbake til arbeidet med sterke helseplager, det må vere legitimt.
Inger Haukenes meiner nøkkelen til vidare arbeid ofte ligg på arbeidsplassen.
– Skal vi få ned talet på uføretrygda, må vi òg intensivt arbeide med arbeidsplassen. Ein arbeidsgjevar som held kontakten med den sjukmeldte, er med og bryt ned barrierar for at denne personen skal kome tilbake. Nokre er veldig flinke til å følgje opp, og til å signalisere at det er viktig og ønskeleg at du kjem tilbake til arbeidsplassen din, seier Inger Haukenes.
Ho fortel at utdanning og vidareutdanning kan løne seg innan alle yrkesklassar:
– Når ufaglærte reinhaldarar tar fagbrev går dei frå å vere ein som vaskar, til ein som vurderer overflatene og avgjer korleis dei skal haldast reine. For dei fleste arbeidstakarar vil auka kompetanse bidra til å auke kontrollen over eigen arbeidssituasjon og i tillegg gjere arbeidet meir inspirerande og interessant.