Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ugleprisen er på 100.000 kroner, og går i år til ein annan «fugl»: Institutt for informatikk får tildelinga for prosjektet «Puffin» - digitalt læringsverktøy for programmering. Lundefuglen er brukt som eit gjennomgåande symbol i løysinga.
Puffin gir automatisert tilbakemelding til studentane. Det gjer at dei kan drive si eiga læringsutvikling, og får tilbakemeldingar om kor dei bør setje inn innsatsen, enten dei er heime eller på campus.
Førsteamanuensis Anya Helene Bagge har vore sentral i utviklinga av verktøyet. Ho trur slike løysingar kan utviklast for andre fag òg, og då særleg fag der ein skal svare med både tekst og reknestykke, kode eller liknande.
— Vi byrja å jobbe med det i 2015, og hadde det først kun for vidaregåande programmering. Der såg vi at studentane kunne jobbe på eigahand, og blei meir motiverte. Til ei viss grad er dei i stand til å oppdage problema sjølv, fortel Bagge til På Høyden.
I programmering er det lett å gjere feil, og det kan ta lang tid å finne feila. Ei oppgåve kan òg løysast på mange måtar, der nokre er betre enn andre.
— Alle gjer feil heile tida, og det er umuleg å unngå å lage feil, forklarer ho.
I fjor fekk dei tilsette beskjed om at det kom til å bli omtrent 600 studentar på faget Informatikk 100. Alle skulle lære seg å programmere frå botn av, og programmeringsspråket var python. Tidlegare har kurset vore i programmeringsspråket java.
— Eg fekk i oppdrag å halde kurset, og då tenkte eg at vi ikkje kunne få dette til utan automatisering.
Svært mykje kan gjerast feil, og studentane vil trenge mange innspel undervegs for å komme seg vidare. Å rekke over det med dei tilgjengelege ressursane var rett og slett ikkje muleg.
— Du får ikkje gitt god nok og rask nok tilbakemelding til så mange. Så då tilsette vi ein gjeng studentar som bygde dette over sommaren, seier Bagge.
No er undervisningsopplegget testa ut på dei 600 prøvekaninane.
Prosessen har vore svært lærerik - og ført til mange oppdateringar der feil har blitt retta.
— Vi har fått ein del positive tilbakemeldingar, sjølv om ikkje alt har virka. Men når ein har så mange hundre studentar lærer ein utruleg mykje om systemet. Om du har mange nok studentar vil dei oppdage det om noko kan gå galt, seier Bagge.
Som ugleprisvinnar går prosjektet vidare som deltakar i Kunnskapsdepartementet sin nasjonale utdanningskvalitetspris. Dermed kan det bli endå meir heider for utviklarane på informatikk.