UiB-året 2003 på nett

Publisert

For første gong blir årsmeldinga for UiB berre publisert på nett. Og til dei som måtte ha gløymt det: 2003 var eit innhaldsrikt år.

Kvalitetsreform, senter for framifrå forsking og Holberg-pris – den som vil halde seg oppdatert på utviklinga ved UiB lyt henge med i svingane. Årsmeldinga for fjoråret avslører at dei fleste fagmiljøa har vore sterkt prega av kvalitetsreforma og tilhøyrande omlegging av studietilbodet, og at ei meir strategisk forskingssatsing også er eit gjennomgangstema i fagmiljøa.

I reine tal hadde UiB 17.499 studentar med studierett hausten 2003, det høgaste talet som nokon gong har vore registrert ved universitetet. Verksemda ved UiB hadde eit omfang på 2,4 milliardar kroner, viser førebelse rekneskapstal. På forskingssida har UiB utvida oppgåvene med å medverke til næringsutvikling og kommersialisering av forskingsresultat, mellom anna ved etableringa av Unifob AS. Forskinga er også styrka gjennom store investeringar som BB-bygget og forskingsskipet G.O. Sars. Samstundes har universitetsbiblioteket vidareført arbeidet med å digitalisere bibliotektenestene, slik at dokumentasjon og innhenting av informasjon blir enklare. Tilgangen til elektroniske tidsskrift er utvida, og fleire hovudfagsoppgåver og doktorgradsarbeid blir publiserte på nett.

– Når vi publiserer årsmeldinga på nett, når vi mange fleire enn vi ville gjort med ei trykksak. Spesielt interesserte kan lettare gå i djupna i materialet, og det finst linkar til bakgrunnsstoff som det ikkje ville vore plass til i ein trykt publikasjon, fortel leiar av tekstseksjonen ved Formidlingsavdelinga, Elin Styve, som har hatt ansvar for arbeidet med årsmeldinga.

Høgdepunkt frå årsmeldinga blir å finne i ein trykt folder som skal sendast ut til relevante beslutningstakarar og andre utdanningsinstitusjonar i Noreg og Norden.

Powered by Labrador CMS