UiB blir sterkare på internasjonal privatrett

Publisert

Når ein norsk pensjonist døyr i husveret sitt på den spanske solkysten, er det då norsk eller spansk rett som skal takast i bruk ved arveoppgjeret? Rettslege spørsmål av denne typen vil berre bli meir og meir aktuelle med tida. Nytilsett professor ved Juridisk fakultet, Helge J. Thue, vil vere med på å styrke fagfeltet ved UiB.

– Når rettsforhold har tilknyting til meir enn éin stat, kva for ein stat sin rett skal ein då velje? spør Helge J. Thue for å forklare kva spesialfeltet hans går ut på.

Thue er einaste norske utsending til Haagkonferansen for internasjonal privatrett, eit arbeid han gjerne snakkar om. For sjølv om mange kan ha høyrt om Haagkonvensjonane, er det ikkje mange som veit korleis dei blir til. Ved Haagkonferansen har han dei siste åra arbeidd med å forhandle fram ein konvensjon om godkjenning av utanlandske dommar.

– Ein utanlandsk dom kan ikkje utan vidare handhevast her i landet, om vi ikkje har ein avtale med vedkomande land. Dei siste ti åra har vi hatt ein generell avtale på dette området innanfor EU/EFTA, som har vore vellukka og spart deltakarane for store utgifter til prosessar og liknande. Men når det gjeld til dømes USA, får vi problem. Det har å gjere med den amerikanske advokatkulturen: Dei vil helst kunna saksøkje kven som helst kvar som helst. No er det internasjonale samarbeidet avgrensa, men gjennom forhandlingane gjer vi likevel framsteg, fortel han.

Gamal institusjon

Haagkonferansen for internasjonal privatrett har røter attende til 1893 då konferansen hadde sin første sesjon. Frå 1951 har Haagkonferansen vore ein permanent, mellomstatleg institusjon, med kring 40 konvensjonar på lista over oppnådde resultat. Dei tek for seg emne som internasjonal varehandel, konfliktar mellom statsborgarskap og bustad, adopsjon, arverett og ekteskap. Konvensjonane blir vedtekne på diplomatkonferansane kvart fjerde år, medan tida mellom diplomatkonferansane blir nytta til forhandlingar og utarbeiding av utkast.

– Den konvensjonen som har hatt størst suksess, er kanskje konvensjonen om barnebortføring. Den er no ratifisert av meir enn 60 land, opplyser Thue, som vil halde fram som delegat når han no er i ferd med å byte ut UiO med UiB som dagleg arbeidsplass.

Skilnader i rettspraksisen i ulike land kjem ofte best til uttrykk i person- og familieretten, fordi det er på dette området den lokale kulturen gjer seg sterkast gjeldande. Thue er no fagleg ansvarleg for eit valemne i internasjonal privatrett ved UiB.

– Inkludert meg sjølv er vi tre som har internasjonal privatrett som fagfelt ved Juridisk fakultet på UiB. Det finst altså eit miljø, og det vil nok bli styrka. Feltet tek for seg viktige spørsmål: Globalisering, kontrakter over landegrensene, familiespørsmål, folk som flyttar.


Slutt på nordisk samarbeid

Som einaste norske utsending ved Haagkonferansen blir dagane lange på spesialsesjonane. Møta varer gjerne heile dagen, og når ein er åleine, må ein følgje med på alt.

– Den største skilnaden frå tidlegare, er at dei andre nordiske landa no er EU-medlemmar og deltek på EU sine koordineringsmøte. Tidlegare hadde vi eit omfattande nordisk samarbeid. No står vi utanfor. Det er ikkje lenger nok å ete middag med dei nordiske representane, for dei må halde seg til EU sine avgjerder. I staden må Norge byggje andre alliansar, fortel Thue.

Forhandlingane om godkjenning av utanlandske dommar blir vurdert som så viktig og omfattande at det vil bli innkalt til ein eigen diplomatkonferanse i desember neste år. Her skal konvensjonen vedtakast, etter ein høyringsrunde i dei ulike landa. Deretter må konvensjonen ratifiserast i kvart enkelt land.

– Ja, det er ein dryg prosess, og ein slitsam. For å gjere det mest mogleg effektivt, er det berre ekspertar som tek del i forhandlingane. Det har vore diskutert om til dømes politikarar skal vere med, men det vart nedstemt. Ein er nøydd til å meistre faget.

Powered by Labrador CMS