UiB får legevaktmedisin

Publisert

Eit nytt nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin skal leggast til Universitetet i Bergen.

Helsedepartementet har gitt Seksjon for allmenmedisin (SAM) ved Universitetet i Bergen (UiB) oppdraget med å opprette Nasjonalt senter for legevaktmedisin.

– Senteret er eit nødvendig bidrag til forsking og fagleg utvikling innan almennmedisin i Noreg, seier helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen.

Senteret skal etablerast allereie denne hausten, og er forventa å vere i full drift i 2007, med eit budsjett på 5-6 millionar kroner – finansiert av Helsedepartementet. Det nye nasjonale senteret skal mellom anna ha oppgåver innan utdanning av helsepersonell og andre relevante faggrupper, utviklingsarbeid, forsking, epidemiologisk overvaking og statistikk og kvalitetssikring. Målet er å bygge opp og formidle fagleg kunnskap innan kommunal legevaktmedisin.

Stort behov

– Den delen av legevaktmedisinen som ikkje omfattar dei mest akutte tilfella har falle mellom fleire stolar. Faginteressa har vore liten, og det er derfor eit stort behov for forsking og utvikling av standardar. Senteret skal støtte dei som arbeider i felten, seier Steinar Hunskår til På Høyden.

Hunskår er professor i allmennmedisin ved Institutt for samfunnsmedisinske fag, UiB, og har leia prosjektet i utgreiingsfasen.

Legevaktmedisin er eit felt innan akuttmedisinen med sterkt aukande aktualitet. Mange områder i Noreg har gått gjennom store organisatoriske endringar dei siste par åra. Tenesta har blitt meir profesjonalisert, det har blitt meir samarbeid over kommunegrensene og meir intensitet i arbeidet for legane.

– Legevakt-systemet i Noreg har blitt veldig rasjonalisert, det er til dømes ofte store avstandar mellom tenestene, seier Hunskår.

Han håpar også at senteret vil sjå nærare på svake grupper som ofte fell ut og ikkje blir prioritert i legevaktsystemet, som til dømes rusmisbrukarar.


Under UNIFOB

Den nye nasjonale senteret skal organiserast under forskingsstifinga UNIFOB ved UiB og vil få lokale i nær tilknytning til SAM i instituttlokala i Kalfarveien 31. Senteret skal no tilsette ei senterleiing med administrativt og fagleg personell. I tillegg er planlagt aktivitetar over heile landet.

Hunskår har i fleire år vore fagleg pådrivar for oppretting av senteret i Bergen og meiner det har stor tyding også for det medisinsk-faglege miljøet i Bergen.

– Det er ei ære for oss at departementet har valt å legge senteret hit til UiB, seier Hunskår til På Høyden.

Powered by Labrador CMS