Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fylkesmannen i Hordaland har gitt si godkjenning, og dermed er det klart at UiB får eige 85 prosent av aksjane i Christian Michelsen Research.
I første omgang vil Universitetet i Bergen (UiB) sitt forskingsselskap UNIFOB overta 50 prosent av aksjane frå CMR, men 15 prosent av desse skal på sikt overdragast til industrielle investorar. UiB har sidan 1992 eigd 50 prosent av aksjane etter at CMR då vart skilt ut som eige selskap for teknologisk oppdragsforsking frå Christian Michelsens institutt (CMI). CMR og UiB har lenge hatt eit nært fagleg samarbeid, og i 2001 tok styret i CMR initiativet til ei tettare binding med UiB. Forskar ved CMR og talsmann for dei tilsette, Dag Lothe, seier til På Høyden at dei tilsette i utgangspunktet er positive til samarbeid – men at dei vil følgje utviklinga vidare med kritisk blikk.
– Eg håpar på ein god prosess med dei tilsette i CMR framover, og at vi no kan kome i gang med det faglege. Det er aukande konkurranse på området, ikkje minst fordi SINTEF har etablert seg i Bergen, seier direktør ved UiB, Kåre Rommetveit.
Vil utvikle samarbeidet
Tilsette ved CMR har vore sterkt kritiske til at UiB skulle overta ytterlegare 35 prosent av aksjane i selskapet. Dei har frykta at UiB har vore mest interessert i å hente ut verdiane – og at oppsplitting og bortfall av arbeidsplassar kunne bli resultatet. Dette har blitt kategorisk avvist av UiB.
Spørsmål om verdifastsetjing av aksjane og manglande habilitet i CMI-styret på grunnlag av stiftingslova vart likevel klaga inn til Fylkesmannen. Fylkesmannen har ikkje tatt klagen til følgje og har no godkjent aksjeoverdraginga.
– Saka er avgjort, og det er derfor muleg å gå sterkare inn i satsinga på anvendt teknologiforsking i Bergen og utvikle samarbeidet mellom basalforskingsmiljøa våre og forskingsmiljøa ved CMR, seier Rommetveit.
– Til etterretning
– Vi tek avgjerdsla frå Fylkesmannen til etterretning. Det er uansett nødvendig at denne saka etter tre år får si avslutning. Men vil ha eit kritisk blikk på mulegheitene for å hente ut og realisere verdiane i selskapet. Dersom det skjer, vil vi aksjonere, seier Lothe.