UiB får Statoil-kontrakt

UiB og forskarar frå Det psykologiske fakultet vann konkurransen om å bistå Statoil med tryggleiksarbeidet på fartøya som går til og frå oljeplattformane i Nordsjøen.

– Vi ville knytte til oss eksterne miljø som kunne bidra til å sjå forbetringspotensiale i både dei harde og dei mjuke verdiane våre. I konkurransen med andre aktørar endte UiB som ein vinnar, seier HMS-leiar i Marine operasjonar, Torleif Norenes til På Høyden.

Marine operasjonar arbeider primært med logistikk og beredskap. Avdelinga rår over om lag 60 forsyningsfartøy, beredskapsfartøy og ankerhandteringsfartøy.

– Langsiktig samarbeid
Norenes fortel at tilsette ved UiB skal bidra i ulike aktivitetar i beredskapen i dei komande tre åra. Dette er eit arbeid dekan Jarle Eid ved Det psykologiske fakultet ser fram til å sette i gang med.

– Vi ser med forventning fram til det vi håper kan bli et langsiktig og godt samarbeid med Statoil, som også kan legge grunnlag for kunnskapsutvikling og forsking. For oss var det avgjerande at Statoil var positive til å inkludere ein utviklings- og forskingskomponent i prosjektet, sier dekan Jarle Eid til På Høyden.

Ankerhandteringsfartøya Seim Topaz og Skandi Vega i operasjon i Nordsjøen. Her arbeider dei med å kople opp riggen til eit ankersystem. Foto: Statoil

Har forska på operativ leiing
UiB skal også ta del på den årvisse kapteinkonferansen som vert arrangert i januar og februar. Målet er å betre tryggleiken på dei 60 fartøya som er underlagt avdelinga. Som underleverandør har UiB valt Høgskulen i Stord Haugesund, som har ei navigasjonsutdanning og direkte tilknytning til det maritime miljøet. Jarle Eid fortel at forskingsgruppa for operativ psykologi har røynsle frå liknande oppdrag tidlegare.

– Forskingsgruppa for operativ psykologi ved UiB har gode erfaringar med å samarbeide med petro-maritime bedrifter om forsking på operativ leiing, tryggleiksklima og kva dei menneskelege faktorane tyder for arbeidsoperasjonar ombord eller på sokkelen, seier Jarle Eid til På Høyden.

– Viktig kompetanse på UiB
Torleif Norenes fortel at dei tilsette arbeider med å etablere rutiner for å takle uventa hendingar og å etablere barrierer mot påverknad frå uventa hendingar. Her kan forskingsgruppa for operativ psykologi bidra med verdifull kompetanse.

– Kva var det som gjorde at UiB fekk denne kontrakten? 

– Det var ei teknisk og kommersiell vurdering, og i sum så vart UiB vald. Kompetansen som finst på UiB er eit viktig element til at UiB vann konkurransen ut frå ei totalvurdering av tilboda, seier Torleif Norenes.

Allsidige erfaringar
Jarle Eid meiner den samla erfaringa hos forskingsgruppa vil kome Statoil til nytte i dei komande tre åra.

– Kva er Det psykologiske fakultet sin store forse i som leverandør til ein organisasjon som Statoil?

– Forskingsgruppa for operativ psykologi er ei ganske stor og allsidig forskingsgruppe som i dette maritimt orienterte prosjektet også vil trekke inn forskarar og samarbeidspartnarar frå Høgskulen Stord Haugesund og Sjøkrigsskulen. Vår styrke som forskingsgruppe er nok den store allsidigheita og at vi samla sett har erfaringar både frå forsking og praksisfeltet, seier Jarle Eid.

Powered by Labrador CMS